Hopp til innhold
X
Innhald

Hartvig Kiran

Hartvig Kiran, kringkastingsmann, gjendiktar, viseven og lyrikar. I 40 år var røysta hans å høyre i NRK, i reportasjar og lyrikkprogram. Han gjendikta Shakespeare, Brecht og musikalar for Det Norske Teatret.

Hartvig Kiran var fødd i Ålesund 3. november 1911 og døydde i Oslo 15. august 1978. Han tok latinartium i Ålesund i 1931 og vart cand.philol. med norsk hovudfag ved Universitetet i Oslo i 1937. Emnet for hovudoppgåva var bakgrunnen for Ivar Aasens dikting.
Han vart hallomann i NRK frå 1938, var programsekretær for NRKs kontor i BBC i London 1941–45 og redaksjonssekretær i NRK frå 1946. I 1958 vart han leiar for opplysingsavdelinga i NRK.
Frå slutten av 1950-åra gav Kiran ut gjendiktingar av poesi frå engelsk, tysk og italiensk. Han omsette mange teaterstykke for Det Norske Teatret, redigerte diktantologiar og gav ut to samlingar med eigne viser. I 1960 fekk han Bastian-prisen for ei gjendikting av Robert Burns. Året etter at han døydde, kom diktsamlinga Med eiga lyre.
I perioden 1952–64 var Kiran medlem av Norsk språknemnd. I 195758 var han leiar for Noregs Mållag, og frå 1973 var han formann for Norsk kulturråd.
Kringkastingsmannen
Kiran tok til i NRK som nynorsk hallomann. Han tok over etter Karl C. Lyche, den første nynorske hallomannen, som i 1937 gjekk over til nyhendeavdelinga som redaksjonssekretær. Kiran hadde òg vakter i nyhendetenesta. 9. april 1940 var det han som sat i studio med ansvaret for nyhenda. I februar 1941 tok han seg over til Storbritannia og laga under Toralv Øksnevad fleire større reportasjar for den norske seksjonen i BBC, mellom anna frå ein konvoi over Atlanterhavet.
Etter krigen fekk Kiran ansvaret for programposten Aktuelt, som vart send etter Dagsnytt, frå 1950 også for vekemagasinet Frå verkstad og fabrikk, som tok opp emne frå industrien. Kiran dekte fleire av dei store hendingane i samtida, mellom anna flaumkatastrofen i Nederland i 1953 og kong Haakons gravferd i 1957. I september 1962 kom den første sendinga med Ønskediktet, eit populært radioprogram som Kiran skapte og stod for så lenge han levde.
Han var ein språkleg medviten og stilsikker radiojournalist. NRK-historikaren Hans Fredrik Dahl omtaler han som «noe av en prosapoet» og «en gjennomført mikrofonstilist».
Gjendiktaren, lyrikaren og visevenen
Kiran var òg ein framifrå gjendiktar av poesi og skodespel frå andre språk. Halldis Moren Vesaas meinte at han var «ein av dei fremste gjendiktarane vi har hatt». For Det Norske Teatret omsette han både Shakespeares Hamlet (1967) og Macbeth (1962, oppført 1977), Brechts Den kaukasiske kritringen (1962) og Det gode menneske frå Sezuan (1975), og musikalar som Annie get your gun (1956), West Side Story (1965), Kongen og eg (1966) og Spelemann på taket (1968). Han hausta òg ros for gjendiktinga av Evert Taubes viser til kabareten Så lenge skuta kan gå (1978). Til saman gjorde han eit tjuetal gjendiktingar for teatret.
I gjendiktingane av lyrikk la han stor vekt på rytmen i dikta. Det var for han noko av det viktigaste ved poesien. I 1959 gav han ut Dikt i utval av Robert Burns, som han fekk Bastian-prisen for. I 1966 kom samlinga Med lånt lyre, gjendiktingar frå engelsk og tysk som spente frå Walther von der Vogelweide, tyske folkeviser og Shakespeare til Carl Sandburg, T.S. Eliot og Rainer Maria Rilke. Så følgde i 1967 Den makelause jord, gjendiktingar av utvalde dikt av den italienske lyrikaren Salvatore Quasimodo. Og året etter redigerte Kiran saman med Sigmund Skard og Halldis Moren Vesaas den store antologien Framande dikt frå fire tusen år. Han gjendikta sjølv ei rad dikt for denne antologien.
Han skreiv dikt sjølv òg. Men ser vi bort frå visene hans, kom det inga samling av eigne dikt før året etter han døydde, i 1979, då Halldis Moren Vesaas redigerte Med eiga lyre, eit utval etterlatne tekstar og ein del som hadde vore prenta før.
Kiran var viseven. Han skreiv viser og sette tone til dei, han gjendikta andre sine viser, og han var med i gruppa Visens Venner, ei lita foreining av innvoterte visedyrkarar, folk som skreiv tekstar, laga tonar, song, spela og samla viser. Møta hadde dei heime hos kvarandre. Her kunne ein treffe veteranar som Jakob Sande, Erik Bye, Thorbjørn Egner og Otto Nielsen, og yngre folk som Birgitte Grimstad, Hege Tunaal, Lillebjørn Nilsen og Lars Klevstrand. I 1962 gav Kiran ut ei samling gjendiktingar av amerikanske folkesongar, Tom Duley og andre viser. Seinare følgde hans eigne viser, Viser frå min gitar i 1971 og Viser til Mariann i 1973.
Han var del av den norske visebølgja som voks fram frå slutten av 1960-åra, og han stimulerte sjølv til denne bølgja. På dei to platene som Visens Venner gav ut i 1969 og 1970, framfører Kiran «The Jotunheimen Jitterbug» (bygd på Kristofer Jansons «Paa Fjellet» frå 1867) og «Ei sild og ei til». Visa «Ei sild og ei til» vart elles nytta i striden mot EF-medlemskap i 1972. Andre visekunstnarar har òg spela inn Kiran-viser: Birgitte Grimstad, Tone Ringen, Herborg Kråkevik, Hege Tunaal og Lars Klevstrand. Mest kjend er nok den vakre «Ofelias vise».
I mange år sat Kiran i lyrikkutvalet i Den norske Bokklubben. I 1965 redigerte han antologien Ønskediktet, som var basert på radioprogrammet, og som på få år kom i åtte opplag. I 1971 kom antologien Laterne og moreld. Dikt om havet.
Språkpolitikaren
I 1952–64 var Kiran medlem av Norsk språknemnd, oppnemnd av NRK. Under arbeidet med den nye læreboknormalen som vart lagd fram i 1957, vart arbeidsutvalet i Språknemnda utvida, og Kiran var arbeidsutvalsmedlem 1952–58.
Saman med NRK-kollegaen Arthur Klæbo tok han i 1950-åra initiativ for å møte den sjikanen som nynorsken i NRK vart utsett for frå riksmålsfolk og andre. Arthur Klæbo og Magne Oftedal, som arbeidde for Det Norske Samlaget, dreiv så fram det tiltaket som i 1955 vart til Kringkastingsringen.
Kiran arbeidde på lang sikt for språkleg samling i Noreg. I 1957 gav han ut pamfletten Aksjon mot reaksjonen. Skriftet var eit kampskrift for nynorsk, og eit forsvar for tilnærminga mellom bokmål og nynorsk, som var under kritikk frå riksmålsrørsla. Han såg målsaka som den viktigaste kulturoppgåva som måtte løysast.
I 1957 vart han vald til leiar for Noregs Mållag, men stilte ikkje til val på det neste årsmøtet. Han høyrde heime i den radikale fløya av Mållaget.
Kjelder
Olaf Almenningen ofl. (red.): Målreising i 75 år. Noregs Mållag 1906–1981. Oslo 1981
Edvard Beyer: «Nynorske blankvers. Shakespeare-omsetjingar frå Ivar Aasen til Halldis Moren Vesaas», i Edvard Beyer: Forskning og formidling. Oslo 1990
Rie Bistrup: «Visen har mange venner», Aftenposten 4.12.1971
Hans Fredrik Dahl: Dette er London. NRK i krig 1940–1945. Oslo 1978
Hans Fredrik Dahl: Hallo-hallo! Kringkastingen i Norge 1920–1940. Oslo 1975
Hans Fredrik Dahl: «Hartvig Kiran». Norsk biografisk leksikon, bd. 5. Oslo 2002
Hans Fredrik Dahl og Henrik G. Bastiansen: Over til Oslo. NRK som monopol 1945–1981. Oslo 1999
Jan Eggum ofl. (red.): Norsk pop- og rockleksikon. Populærmusikk i hundre år. Oslo 2005
Rigmor Falla ofl. (red.): Tone, tekst og trubadur. 60 år med Visens Venner. Oslo 2003
Jostein Fet: Sunnmørsdiktarar 1600–1975. Oslo 1977
Ottar Grepstad: Balladen om Europa. Oslo 1985
Alf Hellevik og Einar Lundeby: Skriftspråk i utvikling. Tiårsskrift for Norsk språknemnd 1952–62. Oslo 1964
Christopher Janson: Norske Dikt. Bjørgvin 1867
Hartvig Kiran: Aksjon mot reaksjonen. Oslo 1957
Hartvig Kiran ofl. (red.): Framande dikt frå fire tusen år. Oslo 1968
Hartvig Kiran: Med eiga lyre. Oslo 1979
Hartvig Kiran: Med lånt lyre. Oslo 1966
Hartvig Kiran: Viser frå min gitar. Oslo 1972
Hartvig Kiran: Viser til Mariann. Oslo 1973
Ottar Odland: År i NRK. NRK Distriktsdivisjonen 1996
Sigmund Skard og Åse Gruda Skard: Menneske vi møtte. Oslo 1985
Tormod Strømme og Marit Aakre Tennø (red.): Med hjartet på rette staden. Kringkastingsringen 50 år 1955–2005. Oslo 2005
Halldis Moren Vesaas: «Gjendiktaren», Skriftkultur. Et festskrift til Knut T. Giæver på 60-årsdagen 10. juni 1986. Oslo 1986
Minneord, Aftenposten 16.8.1978, 17.8.1978 og 8.9.1978
Peikarar

Først publisert: 03.11.2011
Sist oppdatert: 29.04.2013