Hopp til innhold
X
Innhald

Håvard Kvandal

Håvard Kvandal, prisløna felemakar frå Hardanger.

Håvard Kvandal var fødd 22. november 1911 og døydde 19. august 2005. Han dreiv gardsbruk i Kvanndal i Hardanger og hadde i tillegg arbeid som postopnar fram til 1981.
Kvandal spela hardingfele og var mykje brukt som spelemann til bryllaup og dans. Hardingfelespel lærte han av Sjur Håstadbø, Haldor Meland og Anders Kjerland. Best kjend er han likevel som felemakar og felereparatør. Dette handverket lærte han av felemakarar som Olaf G. Helland, Gunnar M.A. Røsstad og Olav K. Venaas. Han laga si første fele i 1952, den første av i alt 56 feler, og han skal gjennom livet sitt ha vølt mellom 300 og 400.
Felene til Kvandal har godt omdøme og blir mellom anna nytta av Knut Hamre, som har vunne fleire landskappleikar med Kvandal-feler. Kvandal fekk sølvmedalje under feleutstillinga på landskappleiken i 1980 og kongens fortenestemedalje i gull i 1987. Han var heidersmedlem i Landslaget for spelemenn og Hardanger spelemannslag. Felemakarkunsten lærte han vidare til mellom anna Olav Vindal, i dag tilsett ved Hardanger folkemuseum, og til sonen Harald Kvandal, som var Sogn og Fjordane fylke sin første felemakar, med arbeidsstad Nordfjord Folkemuseum på Sandane.
Kjelder
Ludvig Jerdal: «Dugande felemakar og spelemann», Bergens Tidende 21.11.2000

Først publisert: 20.11.2011
Sist oppdatert: 29.04.2013