Hopp til innhold
X
Innhald

Henrik Kaarstad

Henrik Kaarstad (1865-1927) fødd i Utvik i Nordfjord, busett i Volda. Lærarskulerektor. Eksamen frå Stord seminar i 1884. Gjekk på slutten av 1880-talet i lære hjå Per Riste i Volda for å lære landsmål. Tilsett som lærar i Volda frå 1886 til 1892 og dreiv forskule for lærarutdanning i Volda i åra frå 1893 til 1902.

Kaarstad grunnla Volda Lærarskule i 1895 saman med cand. real. Stabell. Kaarstad var styrar åleine frå 1908 og fram til Staten tok over 1924,. Då var Kaarstad rektor.

Kaarstad var medlem av den parlamentariske skulekommisjonen frå 1922 til 1927. Han var elles aktiv i kristent arbeid og i målrørsla. Gav m.a. ut ”Um upplæring og uppseding i folkeskulen” (1915) og ”Kristenlæra for lærarskulen” (1925).

Den eldste bygningen ved den tidlegare lærarskulen, no ein del av Høgskulen i Volda, heiter Henrik Kaarstad-huset.


Sist oppdatert: 18.01.2010