Hopp til innhold

Henrik Krohn

Henrik Krohn, gründer. Han tok initiativet til det første organiserte mållaget i landet, Vestmannalaget.

Krohn var fødd i Bergen 10. mai 1826 og døydde 14. juni 1879. Han var handelsmann i Bergen til 1858. Frå då av dreiv han fruktgarden Stedje i Sogndal, der han også etablerte ein fyrstikkfabrikk.
 
I 1865 skipa han bladet Ferdamannen og redigerte dette bladet til det gjekk inn i 1868. 21. januar 1868 var han med og skipa Vestmannalaget i Bergen, der han sjølv var formann 1868–73. Laget gav ut bladet Fraa By og Bygd 1870–79, og Krohn var redaktør til 1875.
 
I bokform debuterte han med Smaakvæde (1867) og gav seinare ut nokre bøker til. Ei liti Ferd fraa Sogndal til Fjerland (1868) er blitt ein klassikar. Til samleverket Skrifter (1909) skreiv Kristofer Janson forordet.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006
Torleiv Hannaas, Conrad Clausen og Ludvig Jerdal: Vestmannalaget i 110 år. Bergen 1978
 
Peikarar

Først publisert: 25.09.2009
Sist oppdatert: 29.04.2013