Hopp til innhold
Foto: herborgkrakevik.no
Foto: herborgkrakevik.no
X
Innhald

Herborg Kråkevik

Herborg Kråkevik, artist og skodespelar som har spela både på scener og på film, og som har gitt ut fleire platealbum. Ho har oppnådd stor suksess med sine kabaretar og tolkingar av gamle norske folkeviser.

Kråkevik vart fødd 28. desember 1973 i Jondal. Ho har eitt års utdanning frå Guildford School of Acting i England. Kunstnarkarrieren tok til med eit kabaretsamarbeid med Kenneth Sivertsen i 1995. Seinare same året sette ho opp den sjølvkomponerte framsyninga Haugtussa basert på diktsyklusen til Arne Garborg, som også vart plate.
 
Gjennombrotet hennar som skodespelar kom i rolla som Eliza i My Fair Lady på Den Nationale Scene i 1996. Dei seinare åra har ho mellom anna spela i teateroppsetjingane Victoria på Oslo Nye Teater i 2004, Funny Girl på Den Nationale Scene i 2005 og Kærlighedens Farve på Odense Teater i 2006. Ho har også vore filmskodespelar i Jakten på nyresteinen (1996) og Det største i verden (2001), og ho har skrive bok (Forteljingar, 2004) om oppveksten i Jondal.
 
Men det er først og fremst som songar og kabaretartist Kråkevik har nådd ut til det store publikummet. Albuma Herborgs verden (1998) og Kråkeviks songbok (2000) inneheld tolkingar av klassiske songboksongar, som «Fola fola blakken», «Fager kveldssol» og «No livnar det i lundar». Sistnemnde selde i over 200 000 eksemplar og gav henne prisen som Årets Spellemann 2000. Seinare har ho mellom anna turnert med framsyninga Eg og Edith, med eiga tolking av Edith Piaf sine songar saman med Odd Nordstoga på trekkspel, utgitt som album i 2002. I 2005 sette ho opp revyframsyninga «Herborg & Hope» saman med Christine Hope. For kabareten «Kjære landsmenn» (2011) på Det Norske Teatret hausta Kråkevik to komiprisar, Årets beste sceneframsyning og Årets nummer 2011.
 
Kunstnarisk spelar Kråkevik på eit breitt register. Dei elleville humorshowa hennar er fulle av parodiar og sprø innfall. Her dreg ho etter eiga utsegn vekslar på ein tradisjon på heimstaden med å etterape bygdeoriginalar. På den andre sida er dei musikalske framføringane hennar ofte djupt inderlege og intense. Musikkvalet hennar er lite prega av trendar, og ho har teke tak i og fornya delar av norsk kulturarv som har vore lite påakta dei seinare åra.
 
Peikarar

Først publisert: 16.06.2009
Sist oppdatert: 04.09.2013