Hopp til innhold
X
Innhald

Ivar Kleiven

Ivar Kleiven har vore kalla «Gudbrandsdalens Snorre». Han var bonde, pensjonatvert, målmann og venstrepolitikar, og han skreiv bøker om folkeminne og lokal kulturhistorie som framleis er godt kjende i Gudbrandsdalen.

Ivar Kleiven var fødd på Lalm i Vågå 10. juni 1854 og budde i Vågå til han døydde 19. februar 1934. Som ung arbeidde han på heimegarden Søre Kleiven, som han tok over i 1884. Han var samfunnsengasjert og tok aktivt del i organisasjonsliv og lokalstyring. Han sat i kommunestyret 1888–1905, var formann i skulestyret i 1890-åra, var med og starta Venstre-lag og stod på varalista til Stortinget 1898–1901.
 
Vinteren 1885–86 gjekk Kleiven på folkehøgskulen til Viggo Ullmann i Seljord. Heimkomen dreiv han ei tid kveldsskule for ungdom. Han var drivkrafta i eit «samtalelag» (skipa i 1884) som seinare vart Lalm Ungdomslag. I åra 1899–1902 var han leiar i Gudbrandsdal Ungdomslag og sat dessutan i styret i Noregs Ungdomslag i 1899–1900.
 
Skriving for målblad og aviser
Ivar Kleiven skreiv tidleg i blad og aviser. Alt i 1879 hadde han to stykke på trykk i Fedraheimen på landsmål, som han må ha lært seg sjølv. Seinare skreiv han mykje mellom anna i Den 17de Mai, Syn og Segn og Årbok for Gudbrandsdalen.
 
Dei større arbeida kom då Kleiven var godt vaksen. Den første boka er Segner fraa Vaagaa (1894), som kom i ny og utvida utgåve i 1908 med tittelen I gamle Daagaa. Forteljingo og Bygda-Minne fraa Vaagaa. Same året (1908) kom I Heimegrendi. Minne fraa Seksti-Aarom, ei meisterleg kulturskildring. Denne boka kom i tredje utgåve i 2004, til 150-årsjubileet hans.
 
Kulturhistorisk fembandsverk
Hovudverket til Ivar Kleiven er Gamal bondekultur i Gudbrandsdalen i fem band (1915–1930). På den tida hadde han for lengst selt garden til bror sin. Frå 1897 hadde han levd av å ta imot sommargjester på Kleivsetra saman med mor si, Brit Kleiven. Men frå 1909 fekk han statsstipend og kunne samle seg om det kulturhistoriske arbeidet. I Gamal bondekultur i Gudbrandsdalen tek han for seg bygdelag etter bygdelag: Lom og Skjåk (1915), Lesja og Dovre (1923), Østre og Vestre Gausdal (1926), Ringbu (1928) og Fronsbygdin (1930).
 
Etter at han var død, kom forteljinga Fraa Skotteåre (1935, men hadde gått som føljetong i målavisa Bonden 1911–12), minneboka Elvesøg (1937) og Fraa barndomen (1993). Det er særleg bøkene med minne frå hans eiga tid som lever i dag. Historieskrivinga hans byggjer til dels på forelda synsmåtar.
 
Eit dialektnært landsmål
Ivar Kleiven var ein stor ordkunstnar og ein særmerkt stilist. Han skreiv stundom på landsmål med dialektinnslag, stundom på noko tillempa eldre dialekt. I Gamal bondekultur ... legg han skrivemåten inntil dialekten i dei kommunane han skildrar. Oftast er setningsbygnaden og uttrykksmåten sterkt munnleg prega. Kleiven var ei svært viktig kjelde for Steinar Schjøtt i ordboksarbeidet hans. Dei to arbeidde saman fleire veker kvart år i perioden 1901–1908. Slik kom mykje ordtilfang frå Vågåmålet med i ordbøkene til Schjøtt.
 
Ivar Kleiven var ven med mange av landsmålspionerane. Han var ein omgjengeleg mann, og heimen hans på Kleivsetra var ein sosial og kulturell møtestad.
 
I 1954 vart det reist ein bautastein over Ivar Kleiven i Vågå. Mållaget i bygda heiter «Ivar Kleiven».
 
Kjelder
Kjell Bondevik og O.M. Høgåsen: «Ivar Kleiven», Norsk Allkunnebok, bd. 7. Oslo 1956
Halvard Grude Forfang: Ivar Kleiven 1854–1934. Oslo 1945
Mari Lien m.fl.: Ivar Kleiven: 1854-1934: Minneskrift i høve 150-årsjubileet (fleire artiklar og forfattarar). 2004

Først publisert: 10.09.2009
Sist oppdatert: 26.05.2017