Hopp til innhold
X
Innhald

Jakob Kobberstad

Jakob Nilsson Kobberstad, lærar, skulebokforfattar og tonesetjar.  Han laga notetillegget til Ivar Aasens Symra i 1875 og tonesette sjølv seks av songane.

Kobberstad var fødd i Breim i Nordfjord 17. januar.1840 og døydde på Stord 12. juni 1919. Han tok lærareksamen på Stord i 1859, var først huslærar, så lærar frå 1861 i Volda ved Voldens høiere Almueskole med annecteret Dannelses-anstalt for Almueskolelærere og så ved  Asker Seminar frå 1874. Han slo seg deretter ned i Kristiania, var overlærar i folkeskulen første halvdel av 1880-åra  og seinare lærar på ymse folkehøgskular, amtsskular og framhaldsskular.
I Volda gav Kobberstad  1869–73 ut bladet Møringen. Han gav ut lærebøker og songbøker, Nornen. Norsk Sangbog for Gammel og Ung (1872), Musiklære for folkeskolen (1979), Norsk læsebog (1881, saman med Erik K. Thuland),  Elementær musiklære (1881), Katekismus-abc for skolen og hjemmet (1884) og fleire. Han skreiv òg på ei verdshistorie på landsmål, men rakk ikkje fullføre arbeidet.
Kobberstad skreiv i Dølen og i Ferdamannen og var medlem av Vestmannalaget. Alt i 1860-åra hadde han brevkontakt med Ivar Aasen, og etter at Kobberstad flytta austover, møttest dei jamt. I mai 1875 gav Aasen ut tredje utgåva av Symra, med eit notetillegg ved Kobberstad, gjennomsett av Joh. D. Behrens. Kobberstad sette sjølv tone til seks av dikta, «Vaardagen», «Haustvisa», «Saknad», «Det einlege Standet», « Tolugt Mod» og «Fals og Fusk». Han hadde også laga melodiar  til andre Symra-dikt, men brukte dei ikkje i notetillegget.
Kjelder
[Severin Eskeland]: «Overlærar J.N. Kobberstad», For Bygd og By nr. 21/1919. Kristiania 1919
Severin Eskeland: «Overlærer J.N. Kobberstad», Skolebladet. Kristiania 1919
Ferdamannen. Eit Vikoblad aat Aalmugen. Bjørgvin 1865–1868
Hannaas, Clausen, Jerdal: Vestmannalaget i 110 år. Bergen 1978
Reidun Høydal (red.): Nasjon – region – profesjon. Vestlandslæraren 1840–1940. Oslo 1995
O.S-t. [Olav Sundet]: «Kobberstad, Jakob Nilsson», Norsk Allkunnebok, bd. 7. Oslo 1956
Terje Aarset: Den nynorske songskatten. Oslo 2009
Terje Aarset: «Tonediktaren Ivar Aasen», Språknytt, nr. 1/1996
Terje Aarset (red.): Symra. Bergen 2013
Ivar Aasen: Brev og dagbøker (ved Reidar Djupedal), bd. 2 og 3. Oslo 1958 og 1960
 
Peikarar
Terje Aarset: «Tonediktaren Ivar Aasen»

Først publisert: 25.11.2011
Sist oppdatert: 25.08.2014