Hopp til innhold

Jenny Klinge

Jenny Elisabeth Klinge, næringsdrivande, kunstnar og stortingsrepresentant for Senterpartiet frå Møre og Romsdal. Ho vart tildelt målprisen frå Nordmøre Mållag for 2013.

Jenny Klinge er fødd 28. september 1975 i Surnadal i Møre og Romsdal, der ho òg voks opp. Etter vidaregåande skule i Surnadal og Orkdal (1994) tok ho grunnfag i sosiologi, tysk og historie ved Universitetet i Oslo i 1995–99. Ho studerte natur- og kulturrettleiing ved Noregs idrettshøgskole i 2004–05 og tok leiarkurs på BI i 2005–06.

Klinge var lærar for framandspråklege i Halsa kommune i 1998–2000, flyktningkonsulent i Surnadal kommune i 1999–2000 og arbeidde som næringsdrivande i Sæterbø Hus & Hage i Surnadal i 2002–08.

Ho var medlem av formannskapet i Surnadal kommune i 1999–2007 og varaordførar i 2003–07. Klinge var lokallagsleiar i Surnadal Senterparti i 2002–04 og representant i fylkestinget i 2003–07. Ho var vararepresentant frå Møre og Romsdal på Stortinget i perioden 2005–09, men møtte fast frå 2008 og har hatt fast plass sidan 2009. 

Samferdsel, justispolitikk og det å sikre språkleg mangfald er dei viktigaste politiske sakene hennar.

Klinge hadde verv i Norsk Målungdom i studietida, og ho har hatt ei rekkje verv i kulturlivet i Møre og Romsdal: medlem av kulturstyret og leiar for ungdomsrådet (1999–2003), i styret for kulturskolen på indre Nordmøre, fylkeskulturutvalet og fylkesrådet for funksjonshemma i Møre og Romsdal (2003–07). Ho har vore leiar av driftsstyret for garden Vaulen (2005–07), medlem i styret for stiftinga Nordmøre museum (2006–09) og medlem av og leiar av styret for Nordmøre folkehøgskole (2005–08). Ho er autodidakt som biletkunstnar og har hatt fleire utstillingar sidan 2000.

Klinge blir referert på nynorsk i Stortinget. Ho fekk målprisen av Nordmøre Mållag for 2013.

Kjelder

Jenny Klinge, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=JKL [lesedato 23.2.2012]
http://www.nrk.no/mr/gjorde-heilomvending---far-malpris-1.11569713Gjorde heilomvending - får målpris [lesedato 26.2. 2014]

Peikarar

Først publisert: 08.05.2012
Sist oppdatert: 15.09.2017