Hopp til innhold
Foto: Ivar Aasen-tunet
Foto: Ivar Aasen-tunet
X
Innhald

John Klæbo

John Klæbo, lærar, lyrikar og skribent. Han var ein nordnorsk bondestudent som tidleg blei målmann, ein av «dei unge døde» i målrørsla.

Klæbo var fødd på garden Glein på Dønna 15. september 1839 og døydde i Utne 29. august 1874. Han var utdanna lærar frå seminaret i Tromsø i 1861. Etter eit par år som privatlærar i Lyngen kom han i 1863 til Haugerud skole i Vestre Aker. Han tok examen artium i 1864 og examen philosophicum i 1865. Same året blei han lærar ved Aars og Voss skole i Kristiania.
 
Klæbo var djupt religiøs, og han var oppteken av litteratur, filosofi og historie. Som fleire nordlandske bondestudentar engasjerte han seg i målrørsla, mellom anna i miljøet kring tidsskriftet Svein Urædd.
 
Klæbo fekk tuberkulose, og i 1871 flytta han for helsa si skuld til Hardanger, der han døydde tre år seinare.
 
Dei mest kjende litterære arbeida hans er folkelivsskildringar frå Nordland, til dømes diktet «Ho mor fær Lofotfolket sitt heim» og forteljinga «Ho Dun-Sesel». Klæbo skreiv òg den første biografien om A.O. Vinje.
 
Kjelder
Anders Aschim: Ein betre vår ein gong. Elias Blix, biografi. Oslo 2008
Ove Bakken: «Ein Nordlands-diktar. Litt um og av Jon Klæbo». Haaløygminne 4. Harstad 1933
John Klæbo (utg. Hallvard G. Heggtveit): Digte og Fortællinger samt A.O. Vinjes Livshistorie. Kristiania 1888
John Klæbo (utg. Hallvard G. Heggtveit): Songar og Sogor. Kristiania 1898
Jon Klæbo (utg. Ove Bakken): Dikt. Oslo 1934
Hans H. Skei: «Jon Klæbo – diktar og folkeopplysningsmann». Vegen til bøkene. Artiklar om norsk litteratur. Oslo 2003
 
Peikarar

Først publisert: 25.09.2009
Sist oppdatert: 28.08.2013