Hopp til innhold

Kåre Kolås

Kåre Kolås, økonom og lagsbruksmann. Han såg verdien av samarbeid mellom kaffistover og liknande lagsbruk og heldt fast ved denne ideen lenger enn dei fleste.

Kolås var fødd i Lindås 29. oktober 1917 og døydde i Bergen 7. juni 2006. Med utdanning frå Bergen tekniske fagskole og mange kurs i økonomi og administrasjon var han i 20 år med og dreiv aluminiums- og metallvarebedrifta Al-Metall i Bergen.
 
Han spela ei sentral rolle i Vestlandsbanken, der han hadde ulike verv frå 1963 og var styreformann frå 1974 til banken gjekk inn i den nye Fokus Bank i 1987.
 
Kolås var formann i Lagsbruki til Bondeungdomslaget i Bergen 1960–65 og leiar same staden 1965–86. Denne verksemda omfatta 80 heiltidsstillingar i 1960-åra. Han var med på alle møte i Lagsbruksnemnda 1949–79.
 
Kolås gav ut minneskriftet Eit liv med kaffistover og bondeheimar (2005). Han fekk Kongens fortenestemedalje i gull i 1987.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 16.06.2009
Sist oppdatert: 08.05.2012