Hopp til innhold
Foto: Ivar Aasen-tunet
Foto: Ivar Aasen-tunet
X
Innhald

Karen Grude Koht

Karen Grude Koht, bondedotter som vart ei av dei mest boklærde kvinnene i si tid. Ho var ein ihuga føregangsfigur i den framveksande kvinnerørsla og var med og meisla ut ei ny kvinnerolle for det tjuande hundreåret.

Karen Elisabeth Grude Koht var fødd på Jæren 16. november 1871 og døydde i Bærum 10. juli 1960. Ho gjekk mellomskulen i Egersund i 1887. Etter nokre år som huslærar og guvernante drog ho til Kristiania, der ho i 1894 tok examen artium, noko berre 12 ungdomar av bondeætt hadde gjort før henne. I 1896 tok ho lærarprøva for studentar og tok til å studere realfag ved universitetet. Seinare vende ho den faglege interessa mot psykologi, språk og kultur, som ho mellom anna studerte ved Sorbonne og Oxford.
Foto: Nasjonalbiblioteket, Flickr.com CC BY
Alt frå ungdomsåra heime på Jæren ivra Grude Koht for kvinnene sin rett til utdanning. Etter kvart tok ho offentleg til orde for lik løn for manns- og kvinnearbeid. I lærartida si på Eidsvoll 1908–1909 førte ho opp «Kvendesoge» som undervisningsemne, og 1908 gav ho ut Kvinnearbeid, der ho rettleier unge jenter som skal velje yrke.
Frå 1911 var ho i tjue år med og bygde opp Statens lærarinneskule i husstell på Stabekk i Bærum og var lærar der, samtidig som ho arbeidde for Norske Kvinners Nasjonalråd.
Frå hundreårsskiftet var Grude Koht ei drivkraft i målrørsla. I 1909 gav ho ut Mi fyrste bok, ein ABC på nynorsk. Ho var medarbeidar i Syn og Segn, der ho både skreiv eigne artiklar og omsette frå andre språk, ofte om tema frå kunst og kultur.
 
Grude Koht engasjerte seg i fredssak og for kvinneleg røysterett. Ho gav ut bøker om barneoppseding, og i 1937 Pedagogisk psykologi, saman med dottera, Åse Gruda Skard.
galleri
 
Kjelder
Sigmund Skard: Karen Grude Koht. Oslo 1987
Torild Skard: «Karen Grude Koht», Norsk biografisk leksikon, bd. 5. Oslo 2002
Anton Aure: «Karen Grude Koht. Biografi. 1916», Ivar Aasen-tunet, http://www.aasentunet.no/default.asp?menu=1120&id=3605 [lesedato 02.05.2010]
Foto i teksten: Nasjonalbiblioteket, Flickr.com CC BY

Først publisert: 02.08.2010
Sist oppdatert: 28.01.2016