Hopp til innhold
Foto: Ivar Aasen-tunet
Foto: Ivar Aasen-tunet
X
Innhald

Lars Kinsarvik

Lars Trondsson Kinsarvik, treskjerar, skribent og spelemann. Han fekk stor innverknad på korleis norsk treskjerarkunst og husflid utvikla seg på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet.

Lars Kinsarvik var fødd i Kinsarvik (no Ullensvang) 8. september 1846 og døydde same staden 21. juni 1925. Far hans var ein kjend rosemålar, og Kinsarvik fekk gå i lære både i Stavanger og Bergen, mellom anna var han ei tid elev hos kunstmålaren Anders Askevold. Kinsarvik dreiv sidan med kunstmåling, men først og fremst etablerte han seg som treskjerar.
 
I 1870-åra tok Kinsarvik til å undervise i treskurd og husflid, og han skapte ein ny giv for treskjeringskunsten over heile landet. I åra 1905–17 budde han på Sunnmøre, der han også tok imot elevar. Han var særleg inspirert av drakestilen og norrøn mytologi. I 1890-åra tok han til å fargeleggje skurden, og han utvikla eit særeige mønster med mykje grønt og blått. Kinsarvik hadde mange utsmykkingsoppdrag, både i kyrkjer, turisthotell og kaffistover. Han var representert på fleire utstillingar både i Noreg og utlandet, mellom anna på verdsutstillinga i Paris i 1899. Frå same året vart han statsstipendiat.
 
Kinsarvik var ein sentral figur i norskdomsmiljøet og dreiv både som foredragshaldar og som nynorskjournalist. Han skreiv dikt og prosa i lokalavisene og gav ei tid ut målbladet Maaltrosten. Han var også ein ivrig felespelar og framståande utøvar av norsk folkemusikk.
 
Kjelder
Arnfinn Engen: Lars Kinsarvik – skaparen av «den norske stilen» i nyare treskjerarkunst. Lillehammer 1996
Olav Kolltveit: «Lars Trondsson Kinsarvik», Norsk Allkunnebok, bd. 7. Oslo 1953

Først publisert: 10.09.2009
Sist oppdatert: 13.01.2012