Hopp til innhold
Foto: Stortinget
Foto: Stortinget
X
Innhald

Magnhild Meltveit Kleppa

Magnhild Meltveit Kleppa, adjunkt og fylkesmann i Rogaland. Statsråd og stortingsrepresentant i fleire periodar for Senterpartiet.
 

Magnhild Meltveit Kleppa er fødd 12. november 1948 i Fister i Rogaland, der ho òg voks opp. Ho tok examen artium ved Rogaland off. landsgymnas i 1967, lærarutdanning ved Kristiansand lærerhøgskole i 1970, samfunnsfag i 1979, spesialpedagogikk i 1981 og biologi i 1985 ved Stavanger lærerhøgskole. Ho arbeidde ved Jøsneset skule i 1967–68, Jørpeland ungdomsskole i 1970–71 og Hjelmeland skule i 1970–92.
Meltveit Kleppa har lang erfaring frå riks- og lokalpolitikken. I 1997–2000 var ho sosial- og helseminister i Bondevik I-regjeringa. I perioden 2007–2009 var ho kommunal- og regionalminister og 2009–12 var ho samferdselsminister.
Meltveit Kleppa var kommunestyrerepresentant i Hjelmeland i 1979–83 og 1985–87. Ho var leiar for Senterkvinnene i Rogaland i 1983–87, landsstudieleiar for Senterkvinnene i 1987–88, leiar av Rogaland Senterparti 1987–90 og 2. nestleiar i Senterpartiet i 1991–97. Ho var vararepresentant til Stortinget i 1989–93 frå Rogaland, fast plass frå 1993 til 2013, parlamentarisk leiar i Senterpartiet i 2005–07, men var i perioden 2007–2012 statsråd i koalisjonsregjeringa av Sp, Ap og SV. Då ho gjekk ut av regjeringa i juni 2012, gjekk ho attende til finanskomiteen på Stortinget.
Magnhild Meltveit Kleppa takka nei til ny nomiasjon i samband med stortingsvalet 2013.  Frå hausten 2013 er Meltveit Kleppa fylkesmann i Rogaland.
Ho har hatt mange verv i heimkommunen og Rogaland fylkeskommune, mellom anna som leiar av helse- og sosialstyret i Hjelmeland (1984–87), medlem av samferdselsstyret (1988–91) og administrasjonsstyret i Rogaland (1992–93). Ho var varamedlem i styret for Televerket i 1986–93 og meddommar i Gulating lagmannsrett i 1987–93. Meltveit Kleppa var medlem av representantskapet for Gjensidige Rogaland i 1988–96, Gjensidige Liv i 1992–97 og styremedlem i Litteraturselskapet Det Norske Samlaget i 2003–06.
Meltveit Kleppa er ei sterk talskvinne for nynorsk både i regjeringa og andre delar av det politisk Noreg. I 2009 fekk ho målprisen frå Noregs Mållag. Meltveit Kleppa vart referert på nynorsk i Stortinget.
Kjelder
Magnhild Meltveit Kleppa, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=MMK [lesedato 25.2.2012] og [lesedato 10.9.2013]
Magnhild Meltveit Kleppa, biografi, regjeringen.no: http://www.regjeringen.no/nn/dep/sd/om-departementet/samferdselsminister-magnhild-meltveit-kl.html?id=582231 [lesedato 25.2.2012]
Pressemelding frå Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet: «Kleppa ny fylkesmann», publisert 26.10.2012: http://www.regjeringen.no/nb/dep/fad/pressesenter/pressemeldinger/2012/kleppa-ny-fylkesmann.html?id=705938 [lesedato 10.9.2013]
Peikarar
Målprisen frå Noregs Mållag på nm.no

Først publisert: 08.05.2012
Sist oppdatert: 31.03.2017