Hopp til innhold
X
Innhald

Normann Kirkeeide

Normann Eilif Kirkeeide, journalist og forfattar. Han skreiv i over 30 år for Bergens Tidende og var med og tok initiativ til mediefaget ved Universitetet i Bergen.

Normann Kirkeeide er fødd i Stryn 14. august 1941. Han tok examen artium ved Firda landsgymnas i 1961 og vart cand.philol. med hovudfag i historie ved Universitetet i Bergen i 1970. Emnet for hovudoppgåva var utanrikspolitiske og indrepolitiske sider ved norsk marinepolitikk 1905–1912.
I over 30 år, frå 1970 til 2003, arbeidde han i Bergens Tidende. Han var journalist i avisa 1970–78, vaktsjef 1978–86, nyhenderedaktør 1986–92, og så igjen journalist til han slutta i 2003. Han skreiv både bokmål og nynorsk og bygde mellom anna opp miljøjournalistikken i avisa.
Sine første steg i journalistikken tok Kirkeeide i 1966–68 som redaktør av Vestlandsfa'n, bladet til Studentmållaget i Bergen. I 1981 var han med og tok initiativ til eit eige mediefag ved Universitetet i Bergen.
Han har skrive jubileumsbøker om Vestlandsbanken (1976, saman med Harry Frøysland), Stryn sparebank (1978) og Nedstryn kyrkje (1884) og har vore medforfattar til kartbøker for Hordaland, Sogn og Fjordane og Rogaland. Saman med Tormod Valaker har han gitt ut ei bok om sivilingeniøren Helmer Dahl (2000). I 2004 var han medforfattar til boka Over Bergen over tid. En historisk reise i luften.
Kjelder
Tor Kristiansen: «Blikk for gode nyheter». Bergens Tidende 18.8.2001
NTB: «Normann Kirkeeide 60 år 14. august», 25.07.2001
Kjartan Rødland: «Nordfjords apostel», Bergens Tidende 18.7.2003
Nils E. Øy: Pressefolk 1997. Institutt for Journalistikk. Oslo 1998

Først publisert: 15.11.2011
Sist oppdatert: 15.11.2011