Hopp til innhold
X
Innhald

Olav Arne Kleveland

Olav Arne Kleveland, lektor, målmann og folkeopplysar frå Setesdal og ein av initiativtakarane til avisa Setesdølen.

Olav Arne Kleveland blei fødd 17. juli 1934 i Evje og Hornnes i Aust-Agder og døydde i Oslo 8. november 2012. Han gjekk på Hornnes landsgymnas i 1950–54, tok så lærarutdanning i Kristiansand og blei cand.philol. i historie ved Universitetet i Bergen i 1967, med ei oppgåve om gjennombrotet for arbeidarrørsla i Evje. Kleveland arbeidde i skuleverket i meir enn 40 år, først fleire stader på Vestlandet, så ved realskulen i Kvinesdal og ungdomsskulen på Evje i 1960-åra. Deretter arbeidde han som lektor ved Hornnes gymnas (no Setesdal vidaregåande skule) frå 1970 til han gjekk av med pensjon.
Kleveland var ein kulturberar, og heile livet var han oppteken av folkeopplysning, nynorsk og historie. Han var sentral i årsskriftet til Evje og Hornnes historielag og heftet Jol i Setesdal, som blei etablert tidleg i 1960-åra. Han var styreleiar i Setesdølen frå avisa blei starta i 1975 og i ti år framover, og han var styremedlem like lenge (1985–95). Saman med Olav O. Uleberg gav han ut Kultursoge for Evje og Hornnes, band 1 (1990) og band 2 (2003). Historia til idrettslaget Otra IL kom i 2010: Otra IL 50 år. Ei reise gjennom 50 års historie.
Kleveland var kommunestyrerepresentant for Senterpartiet i Evje og Hornnes i mange periodar. Han var leiar av Aust-Agder Senterparti og medlem av landsstyret til partiet.
Han var sentral i mange organisasjonar og aktiv heilt til det siste. Då han døydde, hadde han vore leiar av Evje og Hornnes mållag i 35 år. Han var styremedlem i Folkeakademiet Agder, medlem av i styret i Vest-Agder Mållag i ei årrekkje og aktiv i Agder Historielag og Evje og Hornnes sogelag. Han var den første leiaren av Evje Røde Kors Hjelpekorps i 1968 og hadde sentrale tillitsverv i kampen mot norsk medlemskap i EU. Kleveland var heiderlagslem i Vest-Agder Mållag og fekk Kongens fortenestemedalje i gull i 2005.
Kjelder
Valerie Kubens: «Setesdals store sønn er borte», Fædrelandsvennen 24.11.12 [lesedato 24.11.2012]
Peikarar

Først publisert: 05.06.2013
Sist oppdatert: 05.06.2013