Hopp til innhold
Foto: Universitetet i Oslo
Foto: Universitetet i Oslo
X
Innhald

Oluf Kolsrud

Nils Oluf Kolsrud, ein sentral norsk kyrkjehistorikar i første delen av 1900-talet og den første teologiske professoren ved Det teologiske fakultetet, Universitetet i Oslo som nytta nynorsk både i tale og skrift.

Oluf Kolsrud var fødd på Østre Toten i Oppland 7. juli 1885 og døydde i Oslo 17. juni 1945. Han tok examen artium i Hamar i 1903, byrja først å studere filologi, men gjekk over til teologien og tok teologisk embetseksamen i 1908. Året etter vart han adjunktstipendiat ved Det teologiske fakultetet og frå 1916 tilsett i eit nytilskipa dosentur i kyrkjehistorie. Frå 1921 og fram til han døydde, var han professor i norsk kyrkjehistorie.
Han var ein mykje dugande forskar, kjend for sine grundige kjeldestudiar og med stor sans for historiske detaljar. Han gjorde arkivarbeid mange stader i Europa og var ein flittig gjest i Vatikanets arkiv i Roma. Han medverka til å gi ut ei rekkje historiske kjeldeskrifter, til dømes Noregs gamle Love og Diplomatarium Norvegicum. I 1912, på det norske historikarmøtet i Kristiania, gjorde han seg til talsmann for at det måtte skipast eit sentralinstitutt for norsk historie. Ti år seinare vart dette ein realitet gjennom Norsk Historisk Kjeldeskriftråd, som i 1934 vart samla i Norsk Historisk Kjeldeskrift-Institutt (i dag Kjeldeskriftavdelinga i Riksarkivet).
Kolsrud grunnla og gav ut skriftserien Norvegia sacra. Årbok til kunnskap om den norske kirke i fortid og samtid (frå 1921) og Bibliotheca Norvegia sacra (frå 1922), som publiserte viktige kyrkjehistoriske avhandlingar.
Han gav ut Olavskyrkja i Trondheim (1914), Bergen bys segl, vaapen og flag (1921) og det omfangsrike minneskriftet Nidaros og Stiklestad, Olavs-jubileet 1930 (1937). Som hovudverket hans må reknast det posthumt utgitte Noregs Kyrkjesoga I. Millomalderen (1958). Presteutdaningi i Noreg kom òg posthumt, i 1962.
I 1914 vart Kolsrud vald inn i Det Norske Videnskaps-Akademi. I 1922 vart han æresdoktor ved Universitetet i Padova, Italia. Han var kommandør av den pavelege St. Silvester-ordenen og riddar av den svenske Nordstjärneordenen.
Kolsrud som kyrkjehistorikar og kyrkjemann
Kolsrud la vekt på einskapen og kontinuiteten i kristendomen si historie i Noreg. Han avviste den nokså vanlege oppfatninga at den katolske kyrkja i Noreg var i forfall før reformasjonen. Derimot meinte han at dei første tiåra etter innføringa i reformasjonen åndeleg sett var ei nedgangstid.
Sansen for det grundige arbeidet med kjeldene og detaljrikdomen kunne gå på kostnad av syntesen og dei lange historiske linjene. Det vert fortalt at Kolsrud i ei førelesingsrekkje over eit semester skulle gi «eit stutt utsyn» over norsk kyrkjehistorie, men då semesteret var slutt, hadde han berre kome til yngre jernalder!
Kyrkjeleg sett må Kolsrud kunne karakteriserast som konservativ og høgkyrkjeleg, med ei tydeleg nasjonal orientering. Han var med då den høgkyrkjelege foreininga Pro Ecclesia (For kyrkja) vart skipa i 1925. Eit av føremåla var å føre inn att den apostoliske suksesjonen, det vil seie tanken om at det er ei samanhengande rekkje av biskopar heilt attende til Kristus og apostlane, i Den norske kyrkja. Denne rekkja hadde vorte broten med reformasjonen.
Allmenne interesser
Kolsrud hadde allsidige historiske interesser. Til dømes var han med i direksjonen for Foreningen til Norske Fortidsmindesmerkers Bevaring, i Noregs Lærarlags Skulehistorienemnd og i Kulturminnerådet. I samband med at fengselet til Hans Nielsen Hauge i det gamle rådhuset i Kristiania skulle rivast, tok Kolsrud initiativ til å få verna huset. Tilskot frå styresmaktene og gåver gjorde det mogleg å flytte fengselet til Norsk Folkemuseum på Bygdøy, der det no er.
Gjennom åra var han konsulent for styresmaktene i ei rekkje saker. Mellom anna var han frå 1912 kyrkjehistorisk og liturgisk konsulent i samband med restaureringa av Nidaros domkyrkje og historisk sakkunnig i Grønlandssaka, som vart ført for Den internasjonale domstolen i Haag (1931–33). I den sistnemnde saka argumenterte han for at Grønland høyrde til Noreg.
Stor språkleg givnad
Alt i gymnasåra lærte han seg italiensk og russisk på eiga hand. Den sterke språkinteressa gjorde at han byrja å studere filologi ved Universitetet i Kristiania, men han gjekk snart over til teologien. I tillegg til dei klassiske språka for teologar, nemleg hebraisk, gresk og latin, kunne han etter kvart arabisk, kyrkjeslavisk, gotisk, polsk, samisk og finsk – og gamalnorsk. Han vikarierte som førelesar i samisk og finsk ved universitetet i fleire semester.
Motivet for å ta fatt på teologistudiet var at han ønskte å verte prest i Finnmark – og derfor lærte han seg samisk. Men då han hadde fullført embetseksamen, stod det klart for han at han ville slå inn på ein vitskapleg karriereveg.
Kjelder
Helge Fæhn: «Oluf Kolsrud», Norsk biografisk leksikon, bd. 5. Oslo 2002
Einar Molland: «Oluf Kolsrud som kirkehistoriker», Norsk Teologisk Tidsskrift 1945
Ingun Montgomery og Dag Thorkildsen: «Historie og samtidsforståelse. Lærere i kirkehistorie ved Det teologiske fakultet i det 20. århundre», Norsk Teologisk Tidsskrift 2000
Peikarar

Først publisert: 09.11.2011
Sist oppdatert: 12.09.2013