Hopp til innhold

Per Kleiva

Per Torbjørn Kleiva var ein pioner innanfor popkunst i Noreg. Han nyttar mange ulike teknikkar – måleri, installasjon, materialbilete og silketrykk.

Per Kleiva er fødd 1. april 1933 i Torsken i Troms. Lærarfamilien flytta til Ålesund og seinare til Gulen i Sogn. Kleiva gjekk først i målarlære, men vart lei av å måle hus. Han byrja på Statens Kunstakademi i Oslo i 1955. Kleiva studerte deretter i København, Firenze og Stockholm og var ei tid assistent for Sigurd Winge, som var ein inspirator i det norske grafikarmiljøet. Kleiva debuterte med si første separatutstilling i Galleri 27 i 1964. Tidleg i 1970-åra var han med og skipa den venstreradikale kunstnargruppa GRAS, der mellom andre Willibald Storn, Anders Kjær, Siri Aurdal og Morten Krohg var med. I 1987 vart Kleiva professor i måleri ved Statens kunstakademi, ei stilling han hadde fram til 1993.
Kleiva har hatt mange utstillingar og er representert i fleire museum, mellom anna Nasjonalgalleriet. Han har hatt fleire offentlege utsmykkingsoppdrag. Særleg kjend er utsmykkinga i Det Norske Teatret frå 1985. Han har fått fleire prisar, mellom anna 1. premie ved grafikkbiennalen i Krakow 1972, Pris National ved Festival International de la Peinture, Cagnes-sur-Mer 1974 og 2. premie ved grafikkbiennalen i Listowel, Irland 1978. Kleiva var festspelkunstnar under Dei nynorske festspela i 2005.
Kleiva har eit sterkt samfunnskritisk engasjement. Kunstverka hans er av krass politisk, men stundom òg poetisk, karakter. Tekst spelar ei viktig rolle i mange av kunstverka, og tekstane kan vere inspirerte av jazz og pop, haikudikt og zen-buddhisme. Titlane på arbeida hans er nesten alltid på nynorsk og/eller engelsk. Eit døme er: «Eg såg at alt var tomheit og jag etter vind. Happy new year.» Kleiva har illustrert bøker av Rudolf Nilsen, Tarjei Vesaas og fleire.
Kjelder
Berg, Knut: Norges malerkunst, bd. 2. Oslo 2000
Harald Flor: «Per Kleiva», Norsk biografisk leksikon, bd. 5. Oslo 2005
Harald Flor, Ulf Renberg og Jan Erik Vold: Per Kleiva. Oslo 1986

Først publisert: 14.09.2011
Sist oppdatert: 24.11.2017