Hopp til innhold
X
Innhald

Reimund Kvideland

Reimund Kvideland, professor i folkloristikk ved Universitetet i Bergen.

Reimund Kvideland var fødd i Høyland i Rogaland 28. januar 1935 og døydde 6. juni 2006 i Bergen. Etter studiar i Oslo, København og Frankfurt a.M., tok han magistergraden i folkeminnevitskap, og i 1966 vart han tilsett som universitetslektor i Bergen. Mellom 1991 og 1997 var han direktør for Nordic Institute of Folklore i Åbo.
Som forskar hadde han eit breitt interessefelt: barnetradisjon og samtidstradisjon, men også folkeleg religiøsitet, eventyr og folkelege viser. På mange område var han ein nybrotsmann. I viseforskinga lanserte han til dømes songaktivitet som forskingsfelt, og generelt var han meir interessert i repertoarproblematikk og tradisjonsprosess enn tekstanalyse. I 1971 starta han tidskriftet Tradisjon, som kom til å leggje hovudvekta på folklore frå notida. Tidsskriftet vart populært langt ut over gruppa av nordiske folkloristar.
Kvideland hadde eit stort fagleg nettverk, særleg i tysktalande land og i USA. Han hadde også mange faglege verv, mellom anna var han president både i Société Internationale d'Ethnologie et de Folklore og i International Society for Folk Narrative Research.
Kjelder
Minneord i Bergens Tidende 14.06.2006
Bengt af Klintberg: Kompetansevurdering av Reimund Kvideland ved personlig opprykk til professor, manus. 1999
Sabine Wienker-Piepho: In memoriam Reimund Kvideland, manus til minneord ved Kommission für Volksliedforschungs internasjonale balladekonferanse i Lochals. 2007
Bengt af Klintberg: «Obituary Reimund Kvideland», i Journal of American Folklore, publisert 01.12.2006, http://www.highbeam.com/doc/1P3-1288347881.html  [lesedato 30.04.2010]
«In memoriam», i Goliath Business News, goliath.ecnext.com, publisert 01.12.2006, http://goliath.ecnext.com/coms2/gi_0199-6135069/Reimund-Kvideland-1935-2006.html [lesedato 30.04.2010]
Bjarne Rogan: «In memoriam Reimund Kvideland (1935-2006)», International Society for Ethnology and Folklore, siefhome.org, http://www.siefhome.org/index.php?option=com_content&view=article&id=43:in-memoriam-reimund-kvideland-1935-2006&catid=25:archive&Itemid=54 [lesedato 30.04.2010]

Først publisert: 30.04.2010
Sist oppdatert: 03.05.2013