Hopp til innhold

Wollert Konow

Wollert Konow (SB), brukseigar og statsminister. Han gjekk av som regjeringssjef 19. februar 1912 etter å ha talt varmt om målsaka i Bondeungdomslaget.

Wollert Konow var fødd på Stend i Fana 16. august 1845 og døydde 15. mars 1924. Han vert omtalt som Wollert Konow (SB), der «SB» står for amtet Søndre Bergenhus. Slik kan han skiljast frå syskenbarnet Wollert Konow (H), som var politikar frå Hedmark.
Konow tok studenteksamen i 1864 og tok til på jusstudium i Kristiania, men fullførte ikkje. I 1868 skipa han saman med Niels Juel ein folkehøgskule på Halsnøy i Sunnhordland og dreiv skulen i fire år i «Haugestova». Etter dei fire åra på Halsnøy heldt Konow i 1872–73 folkehøgskule i den gamle tingstova på Mossige i Time på Jæren. Nils Nilsson Skaar frå Hardanger var medlærar.
I gymnastida vart Konows interesse for målsaka vekt, og han melde seg inn i Vestmannalaget. Med unntak av nokre brev og artiklar skreiv han likevel ikkje landsmål, men brukte norsk-dansk som skriftspråk, sjølv om interessa for landsmålet følgde han heile livet og til sist gav han det politiske banesåret.
Lokalpolitikk og rikspolitikk
I 1873 tok han over møllebruket til faren på Stend og vart engasjert både i lokalpolitikk og rikspolitikk. I tre periodar i tida mellom 1880 og 1901 var han ordførar i bygda. I 1878–79 møtte han som vararepresentant på Stortinget og i 1880–88 som representant. I 1884–87 var han odelstingspresident og i 1888 stortingspresident. Han var med og skipa Norges Venstreforening i 1884 og sat i landsstyret fram til 1889, det siste året som varaformann.
Konow hadde opphavleg stått Johan Sverdrup nær, men utvikla seg liksom fleirtalet i stortingsgruppa til å verte ein kritikar. Då Venstre vart splitta mellom dei «moderate» og dei «reine» i 1888, førte det til valtap for dei «reine», som Konow høyrde til. Han trekte seg ut av rikspolitikken og samla seg om forretningar og om lokalstyret i heimbygda.
Ein tale for målsaka
Konow kom tilbake til Stortinget i 1910 som leiar for Frisinna Venstre, eit meir moderat parti som året før hadde vorte skipa på grunnlag av striden om konsesjonslovene. Høgre og Frisinna Venstre danna regjering, og Konow vart statsminister. Men 19. februar 1912 måtte han gå av. Den utløysande årsaka var ein tale han heldt i Bondeungdomslaget i Kristiania 28. januar 1912. Han omtalte målsaka i varme ordelag: «Fra min første ungdom har jeg følt mig varmt og sterkt og inderlig knyttet til landsmaalsbevægelsen. Jeg har været og er og vil altid vedbli at være taksam i min inderste sjæl, fordi jeg engang ble knyttet til denne sak; ingen opportunistisk politiske hensyn skal formaa mig til at fornegte den opfatning at maalsaken har været den sak, som sterkest har baaret det norske folk frem i det sidste halve hundreaar. Det fanatiske hat som vises mot denne bevægelse, vil nok bli lagt ned om ikke saa mange aar som magtesløs og ørkesløst.»
Regjeringskrise
Uvener i Høgre hadde venta på eit høve til å kaste regjeringssjefen. Høgre trekte seg ut av regjeringa, Konow gjekk av og vart stortingspresident. Han stilte på nytt ved valet i 1912, men tapte. Resten av livet levde han på Stend.
Konow var vararepresentant til Nobelkomiteen 1913–1922. Frå 21. august 1922 og til han døydde i 1924, var han medlem. I 1910 fekk han tildelt storkrossen av St. Olavs Orden. Ved «Konow-skiftet» på Stend er det reist ein minnestein over han.
Kjelder
Rune Birkeland: Wollert Konow (SB). Røter, miljø, ungdomsår. Bergen 1945 
Forhandlinger i Stortinget, 10. og 14.02.1912
Olav Garvik: Wollert Konow. Statsminister og stril. Bergen 2001
Leiv Mjeldheim: «Wollert Konow», Norsk biografisk leksikon, bd. 5. Oslo 2002
Leiv Mjeldheim: Ministeriet Konow 1910–1912 (1955)
Jostein Nerbøvik: «Konows fall. Måltale og regjeringskrise», Syn og Segn nr. 8/1972
Norske Intelligenssedler, 29.01.1912
Eivind Hognestad: Time herad 1837–1937. Bryne 1983
Tidens Tegn, 30.01.–21.02.1912
Aslak Torjusson: Den norske folkehøgskulen. Oslo 1977
Peikarar

Først publisert: 21.09.2010
Sist oppdatert: 25.08.2014