Hopp til innhold

Kåre Lunden

Kåre Lunden, historikar og forskar. Som uredd debattant med kvasse synspunkt og klar til å stille spørsmål ved etablerte sanningar var han blant dei mest markante norske historikarane i etterkrigstida.

Les meir om Kåre Lunden

Oddbjørn Leirvik

Oddbjørn Birger Leirvik er teolog og professor i interreligiøse studium. I skrift og tale har han framheva verdien av dialog mellom representantar for ulike religionar og livssyn.
Les meir om Oddbjørn Leirvik

Mons Litleré

Mons Litleré, bokhandlar, forleggjar og redaktør som trass i at han døydde berre 28 år gamal, må reknast som ein av dei mest aktive, framsynte og moderne forleggjarane Noreg har hatt.
Les meir om Mons Litleré

Jakob Lothe (1950–)

Jakob Lothe, litteraturvitar med særleg interesse for den rolla forteljinga har spela i ulike epokar og kulturar, særleg i nyare britisk og amerikansk litteratur.

Les meir om Jakob Lothe (1950–)

Eigil Lehmann

Eigil Lehmann, prest, språkmann, høgnorskdyrkar og ordbokforfattar. Han gav ut ordbøker både for Det nye testamentet, for islandsk og for færøysk.

Les meir om Eigil Lehmann

Nils Lid

Nils Lid, folkeminnegranskar, språkvitskapsmann og skihistorikar, ein føregangsmann i teknikken med å bruke spørjelister til innsamling av materiale.

Les meir om Nils Lid

Johannes Lid

Johannes Lid, botanikar og plantegeograf. Han var feltbotanikar i den beste meininga av ordet, og boka hans, Norsk flora, er utan samanlikning den mest brukte handboka om norsk planteliv.

Les meir om Johannes Lid

Johannes Lavik (1856-1929)

Johannes Lavik, lærar, journalist, avisredaktør og målmann. Han grunnla og var første redaktøren i Gula Tidend. Lavik spela ei sentral rolle i målrørsla i oppbyggingsfasen, både regionalt og nasjonalt.

Les meir om Johannes Lavik (1856-1929)

Ingmar Ljones

Ingmar Ljones, KrF-politikar og stortingsmann frå Hordaland som har vore særleg oppteken av fag- og yrkesopplæring og sosialpolitikk.
Les meir om Ingmar Ljones

Edvard Liljedahl

Edvard Apolloniussen Liljedahl, lærar og postmeister, stortingspresident og statsråd, som sat på Stortinget i nitten år, mellom 1880 og 1909.

Les meir om Edvard Liljedahl

Roger Lockertsen

Roger Lockertsen, språkforskar, fagbokforfattar, økologisk bonde og målmann som arbeider for å få elevar til å velje nynorsk som hovudmål.

Les meir om Roger Lockertsen

Knut Liestøl

Knut Olavsson Liestøl, folkeminneprofessor som hadde folkeviser som spesialfelt, organisasjonsmann og politikar med sterk påverknad i kultur- og målpolitikken i mellomkrigstida og opphavsmann til fornorskingsordet «rikskringkasting».

Les meir om Knut Liestøl

Kristina Lund

Kristina Stine Friborg Lund var organist i Stavanger domkyrkje i meir enn 30 år og er den første identifiserte kvinna som skreiv på norsk dialekt.

Les meir om Kristina Lund