Hopp til innhold
Foto: Anders Nilsen/ beadybellecom.jpg
Foto: Anders Nilsen/ beadybellecom.jpg
X
Innhald

Beate Slettevoll Lech

Beate Slettevoll Lech, songar og låtskrivar i landskapet mellom jazz og elektronisk pop.

Beate S. Lech er fødd 10. april 1974 i Øvre Årdal og voks opp i Volda. I dag bur ho i Oslo. Av utdanning har Lech musikk mellomfag frå Universitetet i Oslo (1995) og fire år på Noregs musikkhøgskole, der ho studerte jazz-, pop- og rockpedagogikk (2000). Sidan har ho levd av sin eigen musikk.
Lech var vokalist på dei to fyrste platene til Folk & Røvere frå Oslo. Gruppa gjorde det godt innanfor den nye og populære sjangeren trip-hop, og Lech framførte tekstane på ei blanding av nynorsk og voldadialekt.
I 1999 danna Lech Beady Belle saman med kollega og bassist Marius Reksjø, seinare vart trommeslagaren Erik Holm med. Gruppa debuterte i 2001 med albumet Home, som fekk mykje merksemd og radiospeling både i Noreg og i resten av Europa, og dessutan i Japan, Korea og Australia. Beady Belle er delvis spela, delvis programmert pop, med store dosar jazz og soul. Tekstane er av Lech, og dei er på engelsk. Beady Belle gav ut si sjette plate i 2013 og har spela konsertar i 26 land så langt. Dei har òg laga låtar med internasjonale stjerner som Jamie Cullum og India.Arie.
I tillegg har Lech vore ein del av jazzgruppa Metropolitan, med Morten Halle (saksofon, fløyte) og Jon Eberson (gitar). Dei gav ut to album.
Lech kjem frå ein heim der både jazz og kyrkjemusikk stod sterkt, og dei tidlegaste inspirasjonskjeldene hennar er Stevie Wonder, Louis Armstrong og Aretha Franklin. I 2011 spela ho inn Min song og hjarteskatt, ei samling salmar og religiøse folketonar med nyskrivne tekstar på nynorsk av samtidsforfattarar som Hilde Myklebust, Marit Kaldhol og Bente Bratlund. Utgivinga vart nominert til spelemannprisen for beste plate i sjangeren viser. Det var Lechs fjerde nominasjon til spelemannsprisen.
Plata Crickewood Broadway gjekk rett inn på VG-lista, då den vart slept i januar 2013.
Kjelder
Telefonsamtale med Beate S. Lech 7.1.2012
Jan Eggum, Bård Ose og Siren Steen (red.): Norsk pop- & rockleksikon. Oslo 2005
Peikarar
Nettstaden til Beady Belle

Først publisert: 27.06.2012
Sist oppdatert: 01.07.2013