
Bjørn Lødemel
Bjørn Lødemel, sjølvstendig næringsdrivande, tidlegare ordførar i Hornindal kommune og stortingsrepresentant for Høgre frå Sogn og Fjordane 2009–17.
Bjørn Lødemel er fødd 19. august 1958 i Hornindal i Sogn og Fjordane. Han tok handelsskule i 1974–76, var tilsett ved Ekornes Fabrikker i Hornindal 1978–91 og dreiv familiebedrifta Lødemel Bok og Interiør i 1989–2008. Frå 2009 til 2017 var han stortingsrepresentant for Høgre frå Sogn og Fjordane.
Lødemel var representant for Høgre i formannskapet i Hornindal i 1991–95 og ordførar i Hornindal kommune i 1995–2009. Han har vore leiar av Hornindal Høgre i ei årrekkje, leiar av Sogn og Fjordane Høgre i 2005–12 og medlem av sentralstyret i partiet 2005–12. I perioden 2009–17 var han stortingsrepresentant for Høgre frå Sogn og Fjordane, og var medlem av energi- og miljøkomiteen 2009–13 og kommunal- og forvaltningskomiteen 2013–17. Dei viktigaste politiske sakene hans er samferdsel, mellom anna har han arbeidd for at Kvivsvegen skal bli ein del av stamvegen E39 på Vestlandet – som han fekk gjennomslag for –, og han har vore Høgre sin rovdyrpolitiske talsmann.
Lødemel var leiar av Hornindal næringsråd i 1991–95, leiar av volleyballgruppa til Hornindal idrettslag og leiar av Nordfjordrådet i 1997–99.
Lødemel er ein profilert nynorskbrukar og vart referert på nynorsk i Stortinget.
Kjelder
Bjørn Lødemel, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=BLO [lesedato 7.11.2012]
Omtale av Bjørn Lødemel i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane: http://www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/Bj%C3%B8rn_L%C3%B8demel [lesedato 7.11.2012]
Peikarar
Om Kvivsvegen: http://www.morenytt.no/nyheiter/article5054675.ece
Sist oppdatert: 01.08.2018