Hopp til innhold
X
Innhald

Carsten Lien

Carsten Lien var biletkunstnar og formgivar. Han illustrerte alle bøkene i Samlaget-serien Norrøne bokverk og teikna lagsmerket til Noregs Ungdomslag.

Carsten Lien vart fødd 2. april 1894 i Sigdal, og døydde 30. april 1970 i Oslo. Han gjekk i lære hjå dekorasjonsmålar Carl Lunde frå 1913, og tok kurs på Statens Håndverks- og kunstindustriskole før det. Også svennetida hans gjekk han i Carl Lundes verkstad. Han arbeidde som dekorasjonsmålar frå 1916 og var lærar, overlærar og avdelingsleiar for bok og bind på Statens Håndverks- og kunstindustriskole frå 1935 til 1965. Få har prega norsk bokkunst meir enn han.

Han var styremedlem i Det Norske Teatret i 12 år frå 1934 og jurymedlem i Årets vakreste bøker frå 1946 til 1954. Bøkene hans var med på kortlista til Årets vakreste bøker i 1933, 1939, 1947, 1949 og 1972. I 1934, 1936 og 1937 fekk han alle åra 2. plassen i kåringa. Blant dei mest kjende bøkene han illustrerte var Norrønne bokverk, Roladskvedet, Olav Duuns Medmenneske og Storegut av A.O. Vinje.

I tillegg til bøker har Lien dekorert ei rekkje kyrkjer og offentlege bygg. Han er eit kjent namn i Noregs Ungdomslag, sidan han har teikna merket til NU (pila) og «solfuglen» - merket til Lagsbrukssamskipnaden (i dag Norske Lagsbruk). Han har også teikna fana til Vestfold Ungdomsfylking, med eit emblem som går igjen i fanene i dette fylket.


Utdrag frå Liv Marit Idsø og Asbjørn Thomassen (red.) Faner i den frilynde ungdomsrørsla. Bokbyen forlag 2015. Redigert av Per Magnus Finnanger Sandsmark og publisert digitalt etter avtale med Noregs Ungdomslag 2017. 

Først publisert: 12.12.2017
Sist oppdatert: 12.12.2017