Hopp til innhold
X
Innhald

Johannes Lid

Johannes Lid, botanikar og plantegeograf. Han var feltbotanikar i den beste meininga av ordet, og boka hans, Norsk flora, er utan samanlikning den mest brukte handboka om norsk planteliv.

Johannes Lid var fødd på Voss 11. januar 1886 og døydde i Oslo 29. september 1971. Han var bror til folkeminnegranskaren Nils Lid og forfattarinna Brita Lid. Han tok examen artium som privatist i Bergen i 1912 og vart cand.real. ved Universitet i Kristiania 1924 med ei hovudoppgåve om ei gruppe norske torvmoseartar (Sphagnum).
Frå 1919 var han tilsett som konservator ved Botanisk museum i Kristiania, frå 1948 som førstekonservator. Som botanikar gjorde han ein stor innsats med å granske og kartleggje den norske floraen, særleg plantelivet i fjellet og i nordlege område. Seinare fekk han interesse for floraen i sørlege område, og det største arbeidet la han ned på Kanariøyane. Ved sida av det faglege arbeidet var Lid ein føregangsmann i den norske målreisinga og la vinn på å nytte norske plantenamn. Han omsette fleire lærebøker til nynorsk og var i mange år styremedlem i Det Norske Samlaget.
Johannes Lid skreiv ei rekkje vitskaplege avhandlingar. Det mest kjende skriftlege arbeidet er den store Norsk flora (1944), med teikningar av kona hans, Dagny Tande Lid. Floraen kom seinare i fleire nye utgåver, i 1963 utvida til Norsk og svensk flora og seinare til også å ta med den finske floraen. Den sjette utgåva kom i 1994. I 1967 gav han ut ein stor flora over karplantar på Kanariøyane.
Johannes Lid var æresmedlem i Norsk Botanisk Forening og medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1945. I 1956 fekk han Kongens fortenestemedalje i gull, og han var heiderslagsmann i Det Norske Samlaget.
Kjelder
Paul Løyning: «Johannes Lid», Norsk Allkunnebok, bd. 8. Oslo 1958
Per Sunding: «Johannes Lid», Norsk biografisk leksikon bd. 6. Oslo 2003
Per Sunding: «Johannes Lid, 1886–1971» (med bibliografi), Blyttia nr. 4/1971

Først publisert: 19.05.2010
Sist oppdatert: 29.04.2013