Hopp til innhold
Jon Leirfall (ukjent år). Foto: © Stortingsarkivet/Scanpix.
Jon Leirfall (ukjent år). Foto: © Stortingsarkivet/Scanpix.
X
Innhald

Jon Leirfall

Jon Leirfall, politikar og forfattar, stortingsrepresentant for Senterpartiet i 24 år og ein bauta i bonderørsla i det 20. hundreåret. Etter at han vart pensjonist, skreiv han bestseljande satirebøker i sagastil, med attkjennelege politikarar i rollene.

Jon Leirfall var fødd 7. oktober 1899 i Hegra i Nord-Trøndelag og døydde i Levanger 12. juni 1998. Han gjekk folkehøgskule, landbruksskule og Noregs landbrukshøgskole, der han tok eksamen som sivilagronom i 1924 og var stipendiat til 1926. Etter to år som journalist i Stjørdalingen var han sekretær i Bondepartiet til 1933, deretter kornkjøpar og møllekontrollør i Hegra. Frå 1945 til 1969 var han stortingspolitikar for Bondepartiet, som frå 1959 heiter Senterpartiet.

Dei politiske kampsakene hans gjekk inn i eit breitt engasjement for bondekulturen, som han brann for heile livet. Han var aktiv i målrørsla, starta vekeblad for ungdom, sat som styremedlem i Trøndelag folkemuseum og skreiv bøker om lokalhistorie og norsk busetnad på Vesterhavsøyane. I alt gav han ut eit trettitals bøker. Dei politiske humorbøkene han skreiv som pensjonist, nådde eit samla salstal opp mot ein million.

Han vart heidra med Det norske Videnskabers Selskaps minnemedalje i 1958, Melsom-prisen (litteraturpris til fremje av nynorsk) i 1974 og Norsk kulturråds pris for lokalhistorisk arbeid i 1979. I 1969 vart han utnemnd til riddar av St. Olavs Orden.

Bygdetalsmann og nasjonalromantikar

Odelssonen Leirfall voks opp i ei tid då det politiske tyngdepunktet skifta frå bygd til by. Arbeidarklassa voks, bøndene tente stadig mindre enn industriarbeidarane, og radikale idear utfordra bondekulturen. Bondestanden var på defensiven, og Leirfall arbeidde for å styrkje næringa gjennom kunnskap og organisering. Gjeldskrisa i 1920-åra ramma bøndene særleg hardt, og i 1931 var han med og stifta Bygdefolkets krisehjelp, for å hindre at bøndene måtte selje gardane på tvangsauskjon.

Kampen for bøndene galdt meir enn økonomi. Leirfall såg bonden i eit nasjonalromantisk perspektiv, som berar av ein særeigen kulturarv, som på 1900-talet var truga av internasjonale omveltingar og heimleg arbeidarklasse. Leirfall vart hærførar for bøndene, men klassekamp var han imot. På bygdene var det ikkje nødvendig med kamp, hevda han, for der var det ingen klassemotsetnader, bonden og tenestefolket hadde felles interesser.

Like fullt konstaterte han at Arbeiderpartiet fekk auka oppslutning på landsbygda, og utover i trettiåra gjorde han kampen mot klassekamp på bygdene til ei hovudsak. I 1936 drog han i gang vekebladet Bygdeungdommen. Det var eit mottrekk mot venstresida sitt populære Arbeidermagasinet, som han åtvara mot. Han ville mane ungdom til å tufte framtida på samhald og bygdekultur.

Leirfall som rikspolitikar

I trettiåra fekk Leirfall tunge tillitsverv i Bondelaget og Bondepartiet. Han var generalsekretær i partiet i 1931–33 og vart vald som vararepresentant til Stortinget i 1936. Då krigen kom, var han landsstyremedlem i Bondelaget. Han protesterte mot nazifiseringa av yrkesorganisasjonane, og då nazistane tok kontroll over Bondelaget, sytte han for å leggje ned alle lokallaga i Trøndelag. For dette vart han dømd til tukthus, men etter halvsona dom lukkast han i å rømme til Sverige.

Jon Leirfall på eit kontor i Sverige under andre verdskrig. Noreg hadde ein etter kvart stor administrasjon i arbeid i nabolandet under krigen. Foto: Riksarkivet, Flickr.com. Ingen kjende restriksjonar / falle i det fri.

Jon Leirfall på eit kontor i Sverige under andre verdskrig. Noreg hadde ein etter kvart stor administrasjon i arbeid i nabolandet under krigen. Foto: Riksarkivet, Flickr.com. Ingen kjende restriksjonar / falle i det fri.

I 1945 vart han vald til Stortinget for Bondepartiet i Nord-Trøndelag. Han vart sitjande i seks periodar. Det politiske mandatet hans var å fremje Bygde-Noreg sine interesser. Han kjempa mot sosialisme, sentralisering og sekularisering. Han protesterte mot Arbeidarpartiet sin industripolitikk og mot medlemskap i EU, som han meinte ville gjere ende på ein sjølvstendig norsk landbrukspolitikk. Fiendskapen hans mot Arbeidarpartiet bleikna med åra, men han var ein arg kritikar av mykje av det venstresida stod for.

Sakprosa- og satireforfattar

Leirfall var ein allsidig forfattar. Som sivilagronom skreiv han fagartiklar om jordbruksspørsmål, som sjølvlærd lokalhistorikar skreiv han Liv og lagnad i Stjørdalsbygdene, som er bind 1, del 3 av Stjørdalsboka. Han skreiv òg om helleristingar og om Steinvikholm slott. Interessa hans for det gamle Noregsveldet kom til uttrykk i boka Vest i havet. Vesterhavsøyane gjennom tusen års norsk historie.

På Landbrukshøgskulen var Leirfall formann i studentmållaget, og nynorsk var språket hans livet ut. Med åra gjekk han bort frå gamle, stivna former og gav nynorsken sin eigen let ved å finne norske ord for nye fenomen. Fjernsynet kalla han langsyn, truse vart nærbrok. Han meinte at nynorsken vart rikare om ein tok i bruk dialektformer, og i Liv og lagnad-bøkene ligg skriftspråket tett opp til trøndsk. Han var ein ordhag mann, og i politiske ordskifte understreka han gjerne synspunkta sine med fyndige formuleringar. I ein debatt om framtida til landbruket kommenterte han at Arbeidarpartiet sine stordriftsplanar for næringa ville gjere det så langt mellom gardane at alle måtte ha eigen hannkatt.

Etter at han pensjonerte seg, gav han ut satirebøker om politikarar han hadde hatt med å gjere, som hovudfigurar, med karikaturteikningar av Audun Hetland. Her kombinerer Leirfall politisk teft og språkleg replikkunst, framstilt som sogeforteljing. Sjeldan har ein politikar oppnådd større lesarskare. Dei sju sogebøkene vart folkekjær lesnad og ein stor salssuksess i 1970-åra. Aller mest populær var Soga om det store mannefallet (1971).

På Leirfall sin 95-årsdag vart det avduka ein statue av han i heimbygda Hegra.

Kjelder

Eystein Bardal: «Jon Leirfall – minner og refleksjoner ved hans død», Årbok for Nord-Trøndelag 2013. Nord-Trøndelag historielag 2013

Kjell Håve: Heller storm enn stille. Jon Leirfall – meir enn seksti politiske år. Tvedestrand 2012

Jon Leirfall: I storm og stille. Blad frå minneboka. Oslo 1989

Peikarar

NRK TV: «Jon Leirfall og Stjørdalsbygdene», nrk.no 15.9.1970 

NRK TV: «Smilende penner. Jon Leirfall og Audun Hetland», nrk.no 16.6.1974 

Først publisert: 07.03.2018
Sist oppdatert: 07.03.2018