Hopp til innhold
X
Innhald

Malmfrid Lunde

Malmfrid Lunde var lærar i Jølster og forfattar av ein roman med handlinga lagd til ei vestnorsk fjordbygd.

Malmfrid Lunde var fødd 15. januar 1901 på Hole i Breim, i noverande Gloppen kommune, og døydde på Lunde i Jølster 18. mai 1976. Ho var gift med breførar Anders Lunde.

Lunde tok eksamen ved lærarskulen i Volda i 1923 og vart tilsett som lærar i Jølster same året. Lengste tida var ho lærar i Kjøsnesfjorden, ein sidearm til Jølstravatnet. Ho var lærar til 1962.

I 1942 gav ho ut Skøytebrevet, illustrert av Jostein Øvrelid, ei romantisk forteljing med handlinga lagd til ei vestlandsk fjordbygd, med hovudpersonar knytte til lensmanns- og dokterfamiliane. Konfliktane i forteljinga er knytte til ungdom som ikkje får følgje yrkesdraumane sine, fordi fedrane har ambisiøse mål for sønene – på tvers av evner og interesser hos dei unge. I tillegg finn vi òg klassiske tema om dei unge som ikkje får kvarandre, og draumen om sosial oppreist for urett som har vorte gjord i fortida.

Kjelder

Carl Lauritz Lund-Iversen: Ord gjennom år. Dikting og diktarar frå Sunnfjord og Nordfjord 1700–1986. Naustdal 1990 Karl Bakke (red.): Norske skolefolk. Stavanger 1952

Peikarar

Malmfrid Lunde: Skøytebrevet. Oslo 1942. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no

Forfattarside om Malmfrid Lunde på nettstaden «Forfattarar frå Sogn og Fjordane», forfattarar.sfj.no

Først publisert: 10.05.2019
Sist oppdatert: 10.05.2019