Hopp til innhold
X
Innhald

Oddbjørn Leirvik

Oddbjørn Birger Leirvik er teolog og professor i interreligiøse studium. I skrift og tale har han framheva verdien av dialog mellom representantar for ulike religionar og livssyn.

Oddbjørn Leirvik er fødd i Ålesund 18. august 1951. Etter embetseksamen ved Menighetsfakultetet i 1978 var han generalsekretær i Norges Kristelige Studentforbund frå 1979, prest i Paulus kyrkje i Oslo frå 1984 og leiar av Dialogsenteret Emmaus frå 1993. Han har vore knytt til Det teologiske fakultet ved Universitetet i Oslo frå 1996, og i 2005 vart han fast tilsett som professor der.
 
Leirvik har engasjert seg mykje i praktisk dialogarbeid og i forsking særleg på relasjonar mellom islam og kristendom. I tilknyting til dette engasjementet har han også arbeidd meir generelt med fleirkulturell etikk og religionane sin plass i samfunnet.
 

Frå tidleg på 1990-talet var Leirvik med og bygde opp fleire fora for religionsdialog i Noreg. Han har vore styremedlem i Oslo-koalisjonen for trus- og livssynsfridom (2000–2008), medlem i Teologisk nemnd under Mellomkyrkjeleg råd for Den norske kyrkja (2008–2015) og medredaktør for tidsskriftet Kirke og Kultur (2008–2017). I perioden 2015–2018 var Leirvik studiedekan ved Teologisk Fakultet.


Peikarar

Oddbjørn Birger Leirvik, Det teologiske fakultet, tf.uio.no

Leirviks publikasjonar i Oria, bibsys-almaprimo.hosted.exlibrisgroup.com

Først publisert: 03.09.2009
Sist oppdatert: 14.11.2019