Hopp til innhold
Olav A. Loen. Kjelde: Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Nytta etter avtale.
Olav A. Loen. Kjelde: Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Nytta etter avtale.
X
Innhald

Olav A. Loen

Olav Andreasson Loen var bonde, kulturarbeidar og forfattar med sterkt engasjement i regionalt og lokalt kulturliv.

Olav A. Loen var fødd 12. juli 1903 i Loen, Nordfjord og døydde same staden 6. juli 1984. Han var bonde heile livet. Av utdanning hadde han berre eitt år ved Voss Folkehøgskule (1920–21), der Lars Eskeland kom til å vere svært viktig. Han var tidleg engasjert i ungdomslaget og var leiar i Firda Ungdomslag frå 1950 til 1955. Loen var medlem av Kringkastingsrådet i 1959–66, og han fekk Stryn kommune sin kulturpris i 1981. Han tok initiativet til Årbok for Nordfjord og var skriftstyrar i bladet frå 1951 til 1979. Her bidrog han med ei rekkje artiklar.

Som bokmann var Loen sjølvlærd, og han skreiv ei mengd bokmeldingar og mange større framhaldsforteljingar i ulike aviser. Han var medlem av Norsk Litteraturkritikerlag og skreiv om bøker i lokalaviser, i Gula Tidend og i Sunnmørsposten.

Både framhalds-forteljingane og dei første bøkene vart trykte under pseudonymet Olav Alvheim. Han debuterte med romanen Ung elsk i 1925. Seinare kom romanane Taterprinsessa (1946) og Trettandedagen (1958), og novellesamlinga Harde hender (1977). Bygda gav diktarsyn (1970) er ei samling med forfattarportrett. I 1980 kom diktsamlinga Det var deira draum. Loen skreiv også ei bok om forfattaren Ingvald Forsberg, ei gardssoge og var redaktør for to lokale jubileumsskrift.

I romanane og novellene byggjer Loen gjerne på lokalhistoriske hendingar og segner, i ei form som ligg populærlitteraturen nær. I Bygda gav diktarsyn trekkjer han fram forfattarar som han kjende seg i slekt med, skrivande menneske med bygdebakgrunn og med verdiar knytte til ungdomslag, målsak og folkehøgskule.

Kjelder

Reidar Djupedal: «Venetapet», Årbok for Nordfjord 1984. Sandane 1984

Ove Eide: «Å vite kvar ein høyrer til. Ein presentasjon av Olav A. Loens forfattarskap», Sogn og Fjordane magasin nr 3, 1984. Naustdal 1984

Ove Eide: «Bøker er vener du aldri vert lei av. Litt om Olav A. Loen si boksamling», Årbok for Nordfjord 1993. Sandane 1993

Peikarar

Digitaliserte bøker av Olav A. Loen på Nasjonalbiblioteket, nb.no

Forfattarside om Olav A. Loen på nettstaden «Forfattarar frå Sogn og Fjordane»

Først publisert: 13.06.2018
Sist oppdatert: 13.06.2018