Hopp til innhold
X
Innhald

Ragnvald Leland

Ragnvald Leland, norskamerikansk lege og målmann. Han skreiv mange interessante artiklar i norskamerikanske aviser om landsmålet i Noreg og Amerika og norsk språkhistorie.

Ragnvald Leland (Liland) var fødd 19. august 1865 i Borge i Lofoten og døydde 8. mai 1936 i Minnesota. Han tok examen artium ved Aars og Voss' skole i Kristiania, før han tok til å studere ved universitetet i København i 1886. Der studerte han i to år før han utvandra til USA og slo seg ned i Minneapolis og byrja på medisinstudiet, som han fullførte i 1895. Etter eitt år som lege i Menomonie og Grantsburg i Wisconsin flytta han til Kenyon i Minnesota og arbeidde og budde der livet ut.

I 1897 gifta han seg med Mabel Johnson, som var fødd i Amerika av norske foreldre. Ho vert omtalt som ei evnerik kvinne med sterke litterære og sosiale interesser. Ho omsette norsk litteratur til engelsk og heldt mange foredrag om norsk litteratur. Spesielt kjend er omsetjinga hennar av Garborgs Den burtkomne Faderen.

Ragnvald Leland var kjend som ein dyktig lege, med interesse for musikk, språk og litteratur. Han kunne fleire språk og var spesielt interessert i landsmål og norsk språkhistorie, og han skreiv fleire artiklar om norsk og norskamerikansk nynorsk i ulike norskamerikanske publikasjonar.

Leland var og ein av initiativtakarane til den nynorske kulturkvelden som den litterære foreininga Fram arrangerte 2. juni 1902 i Dania Hall i Minneapolis. Ola J. Rise frå Oppdal var då formann i Fram, og han gav ein rosande omtale av arrangementet i pressa etterpå. Rise hadde skrive eit dikt til høvet, med tittelen «Målmannsmæle», som vart opplese av han sjølv. Eit par av verselinjene lyder slik: «Me elskar det maal som er norskt og fritt / og ikkje ei framandrøre.» Deretter heldt Leland eit foredrag om landsmålet si utvikling i Noreg og tilhøva for landsmålet i Amerika. Dette foredraget vart prenta i norskamerikanske aviser, og i Ung-Norig mange år seinare. I foredraget hevda Leland mellom anna at landsmålet ville gi norskamerikanarane ei kjensle av å ha røter i ein ekte og stor kultur i eit tilvære som for mange var prega av kulturløyse og mangel på faste haldepunkt. Leland slutta talen med eit retorisk spørsmål: «Kan me vera henne (målsaka) forutan? Kan me reint riva oss laus fraa Noreg og ikkje døy, aandelegt talt, me nordmenner som ikkje enno har festa røter i den amerikanske jordbotn, og som korkje er fugl eller fisk?»

Kjelder

Leland papers, NAHA-archives, St. Olaf College, Northfield, Minnesota

Ragnvald Leland: «Den Norske Maalreising», Ung-Norig 23.2.1922

Arne Sunde: «A Minority within a Minority. The Promotion of Nynorsk in the United States, 1900–1920» i Odd Lovoll (red.): Norwegian-American Studies, Volume 34. The Norwegian-American Historical Association. Northfield, Minnesota 1995

Først publisert: 02.05.2018
Sist oppdatert: 02.05.2018