Faktaboks

Ruth Lillegraven
Fødd
21. oktober 1978, Granvin (no Voss), Vestland
Ruth Lillegraven.
Av /Samlaget.
Ruth Lillegraven på Nasjonalbiblioteket i Oslo, 2014
Ruth Lillegraven på Nasjonalbiblioteket i Oslo, 2014 © Mette Karlsvik
Ruth Lillegraven på Nasjonalbiblioteket i Oslo, 2014

Ruth Lillegraven er forfattar som skriv episk og forteljande, både i dikt- og romanform. Lillegraven var festspeldiktar under Dei nynorske festspela 2016.

Bakgrunn

Ruth Lillegraven er fødd i Granvin (no Voss) i Hardanger i Hordaland (no Vestland). Ho gjekk på Voss gymnas frå 1994 til 1997. Seinare har ho studert marknadsføring og informasjonsfag ved Norges Markedshøyskole (no BI) (1997–2000).

Lillegraven var informasjonsansvarleg i Det Norske Samlaget frå 2001 til 2007. I perioden 2007–2015 var ho seniorrådgivar i kommunikasjonsavdelinga til Samferdselsdepartementet, der ho skreiv talar og innlegg. Ho har arbeidd som forfattar sidan 2005, på heiltid sidan 2015.

Forfattarskapen

Debutboka Store stygge dikt kom i 2005. I denne diktsamlinga legg ho seg nær det prosaiske, men det blir ikkje mindre poetisk av den grunn. Ho er snakkesalig, bruker mange ord og skriv uvanleg langt. Det direkte uttrykket er alt anna enn kryptisk og gåtefullt, men Lillegraven skaper like fullt undring og refleksjon. Samlinga tematiserer mellom anna kjærleik, oppvekst og det å flytte frå bygd til by.

I diktsamlinga Urd (2013) fortel ho historia om Seselja og Cecilie, som lever i kvar sin ende av det tjuande hundreåret. Med enkle og elegante grep fortel ho ei ømt mellommenneskeleg historie og nyttar eit lite hus som knutepunkt for tida og historia mellom dei to kvinnene. Langdiktet Manilahallen (2014) handlar om Birgit Lerke, som er eit fiktivt namn for den første norske kvinna som offentleg stod fram med anoreksi. Dette er dokumentarisk og biografisk poesi som legg seg nær inn til kvardagslivet til hovudpersonen. Samstundes skaper Lillegraven vakre og attkjennelege bilete i eit enkelt, men verknadsfullt språk.

Seinare har Lillegraven gitt ut romanar, barnebøker, diktbøker for både vaksne og barn, samt krimbøker.

Psykologiske thrillere

I 2018 debuterte Lillegraven i ein ny sjanger, med den psykologiske thrilleren Alt er mitt som handlar om ekteparet Clara og Haavard Lofthus.Boka blei godt tatt i mot av kritikarane. I 2021 kom ein ny Clara Lofthus-roman Av mitt blod.

Omsetjing

Lillegraven har omsett nokre dikt av den amerikanske poeten Ron Padgett i boksingelen Farvel, vesle Lettera (2013).

Styreverv

Fram til 2013 sat ho i styret for avisa Dag og Tid.

Utmerkingar

I 2012 fekk Lillegraven pris frå Alfred Andersson-Ryssts fond. Året etter fekk ho Brageprisen for Urd. For same boka fekk ho òg Bokbloggarprisen i 2014. Lillegraven fekk Nynorsk litteraturpris i 2016 for diktsamlinga Sigd. I 2018 fekk ho Maurits Hansen-prisen Nytt blod

Ruth Lillegraven var festspeldiktar under Dei nynorske festspela (no Festspela) i 2016.

Bibliografi

  • Av mitt blod (Krim og spenning, Kagge Forlag, 2021)
  • Fanga på fjorden (Barnebok, Samlaget, 2021)
  • Hytta som forsvann (Barnebok, Samlaget, 2020)
  • Dei svarte svanene (Barnebok, Samlaget, 2020)
  • Dette er andre dagar (Lyrikk, Tiden, 2020)
  • Alt er mitt (Krim og spenning, Kagge Forlag, 2018)
  • Cally (Dramatikk, Tiden, 2018)
  • Disse dagene, dette livet. Dikt vi har sammen (Lyrikk, Kagge Forlag, 2016)
  • Sigd (Lyrikk, Tiden, 2016)
  • Eg er eg er eg er (Lyrikk for barn og ungdom, Samlaget, 2016)
  • Atlanten (Lyrikk, Cappelen Damm, 2015)
  • Mari og Magnus hos bestemor (Barnebok, Samlaget, 2014)
  • Manilahallen – eit dikt, eit liv (Lyrikk, Tiden, 2014)
  • Mari og Magnus får katt (Barnebok, Samlaget, 2013)
  • Urd (Lyrikk, Tiden, 2013)
  • Mari og Magnus og smokketyven (Bildebok, Samlaget, 2012)
  • Mari og Magnus flyttar inn (Barnebok, Samlaget, 2011)
  • Mellom oss (Roman, Tiden, 2011)
  • Store stygge dikt (Lyrikk, Tiden, 2005)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar (2)

skreiv Maria Brandt

Kanskje artikkelen kunne oppdateres? Fin å kunne bruke i skolesammenheng (og da ofte stengt nett, så linken til forlagsiden fungerer ikke da).

svarte Erik Bolstad

Vi har gjort en rask oppdatering av den nå, men får dessverre ikke gjort en større analytisk oppdatering av den før vi har fått inn en ny fagansvarlig på området.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg