Silje Aambø Langvatn
Silje Aambø Langvatn er ein norsk filosof og statsvitar som forskar på korleis makt kan utøvast på ein rettvis måte.
Silje Aambø Langvatn er fødd i Oslo 23. oktober 1976 og voks opp i Volda. Ho gjekk ut frå Volda vidaregåande skule i 1995 og sat sidan i hovudkomiteen i Operasjon Dagsverk. Langvatn har ein mastergrad i internasjonal og europeisk politikk frå Edinburgh University og eit hovudfag i filosofi frå Universitetet i Bergen.
Langvatn tok doktorgraden i 2013 med ei avhandling om John Rawls' demokratiforståing. Som stipendiat var ho knytt til Senter for vitskapsteori ved Universitetet i Bergen. Sidan 2013 har ho vore tilsett ved PluriCourts – Senter for forsking om internasjonale domstolars legitimitet – ved Universitetet i Oslo.
I forskinga si har Langvatn arbeidd med liberalisme, demokratisk teori og internasjonal rett. Eit spørsmål som særleg har oppteke henne, er korleis politikarar, dommarar og borgarar kan grunngi maktutøvinga si i eit moderne liberalt demokrati.
Langvatn hentar impulsar både frå angloamerikanske og kontinentaleuropeiske tenkjarar. I doktoravhandlinga drøftar ho Rawls' syn på offentleg fornuft i lys av kritikken frå Jürgen Habermas.
Langvatn er ein aktiv formidlar og har skrive artiklar og innlegg i ei rekkje norske aviser og tidsskrift.
Kjelder
Universitetet i Oslo: «Silje Aambø Langvatn», jus.uio.no: http://www.jus.uio.no/ior/personer/vit/siljala/ [lesedato 04.04.2018]
Universitetet i Bergen: «Demokratiet trenger en offentlig begrunnelsesplikt», uib.no: http://www.uib.no/info/dr_grad/2013/Langvatn_Silje.html [lesedato 04.04.2018]
Peikarar
Silje Aambø Langvatn: «Superborgaren», dagsavisen.no
Silje Aambø Langvatn: «Kva er det norske?», nrk.no
Sist oppdatert: 17.08.2018