Faktaboks

Solfrid Lerbrekk
Fødd
29. november 1990, Varhaug i Hå, Rogaland
Solfrid Lerbrekk.
Stortinget.

Solfrid Lerbrekk er fagarbeidar og tidlegare stortingsrepresentant for Sosialistisk Venstreparti (SV) frå Rogaland.

Bakgrunn

Solfrid Lerbrekk er fødd på Varhaug i i Rogaland. Lerbrekk tok fagbrev i teknikk og industriell produksjon (TIP) ved Time vidaregåande skule i 2009 og studerte til maskiningeniør ved Universitetet i Stavanger i 2011–2014. Ho har arbeidd som avløysar i landbruket og som NDT-inspektør ved ConocoPhillips i 2009–2011 og ved EnerMech i 2011–2013, det siste året som tillitsvald.

Politisk karriere

Lerbrekk var fagleg ungdomssekretær i LO i Rogaland i 2013–2017. I perioden 2017–2021 var ho stortingsrepresentant for Sosialistisk Venstreparti frå Rogaland. Lerbrekk har vore medlem av Sosialistisk Venstreparti sidan 2013, men hadde ikkje erfaring som folkevald før ho blei stortingsrepresentant. På Stortinget er ho medlem av arbeids- og sosialkomiteen.

Som politikar har ho vore oppteken av velferdstenester, mellom anna tannhelse og ein meir inkluderande skule. Næringspolitisk meiner ho at det viktig å skape nye arbeidsplassar, auke statusen til yrkesfaga, samt å auke skatten for dei rikaste.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg