Hopp til innhold
X
Innhald

Svein Lundevall

Svein Lundevall, statsvitar, fylkesrådmann i Sogn og Fjordane gjennom 20 år, aktiv og mangslungen samfunnsdebattant.

Svein Lundevall er fødd i Oslo 28. mai 1944. Han fekk oppveksten sin i Leikanger og i Førde, før han drog til Firda landsgymnas på Sandane. Etter gymnaset var han student ved Universitetet i Oslo, der han blei cand.polit. i 1971. Delar av studiet tok han ved Universitetet i Lund og i Genève.
Etter utdanninga fekk Lundevall seg arbeid i Finansdepartementet og var byråsjef der då han i 1977 søkte og fekk stillinga som fylkesrådmann i heimfylket Sogn og Fjordane. Han hadde virket sitt og blei buande i Leikanger i 20 år. Han var ein av initiativtakarane til Vestlandsforsking, skipa i 1985, og sat som styreleiar der i fem år. Sidan 1997 har han arbeidd som konsulent, med bustad Olden.
Som student engasjerte han seg politisk. I målrørsla tok han på seg tillitsverv, og han var leiar i Studentmållaget i Oslo 1971–73. Han var òg medlem av landsstyret i Norges Konservative Studentforbund og sat i styret for Noregs Ungdomslag 1976–77. Lundevall gav ut boka Framover, men ... i 1999, med hovudvekt på eige liv som byråkrat.
 
Kjelder
Svein Lundevall: Framover, men .... Leikanger 1999
Steinar Lægreid (red.): Distriktshøgskular – for kven?. Oslo1973
Omtale om Svein Lundevall, Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane,  http://www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/SveinLundevall [lesedato 25.11.2011]

Først publisert: 25.11.2011
Sist oppdatert: 02.05.2013