Hopp til innhold
X
Innhald

Thorvald Larsen

Thorvald Larsen, spaltist i Haugesunds Avis gjennom 50 år og truleg den mest lesne skribenten på Haugalandet.

Thorvald Larsen var fødd 15. februar 1884 og døydde 22. januar 1973. Han utdanna seg til glasmeister og målarmeister og dreiv i desse yrka i mange år. Han arbeidde også for Sildesalslaget frå 1930 til 1950. Best likte han å fortelje og prate med folk og blei mest kjend som skribent. Under signaturen «Sørhauggut» skreiv han mellom 1924 og 1972 over 4000 artiklar og kåseri i laurdagsnummeret av Haugesunds Avis, og dei blei umåteleg populære.
Artiklane var folkelege i språk og innhald, skrivne på «kav» haugesundsdialekt og låg nær nynorsk: «Her ein dajen møtte eg ein aen haugesundar så i sommar hadde vore på ferie i Sogn, å så den ivrige sportsfiskar han e, fekk han ein plass lov å fiska i ei laksaelv» (1955). Larsen var godlynt, humoristisk og skjemtsam og kåserte ofte om seg og Sissila, til mykje lått og løye i lag og lyd.
Kjelder
Alf Saltveit: Heimegrunn. 30 skribentar i Haugesund og Skåre. Haugesund 1998
Tor I. Vormedal: Kim va det? Kjente avdøde haugesundere. Haugesund 2008

Først publisert: 14.04.2010
Sist oppdatert: 30.04.2013