Hopp til innhold

Vidar Lund

Vidar Lund, bibliotekar, biblioteksjef, organisasjonsmann og tidlegare leiar av Noregs Mållag. Han er leiar av Norsk Bibliotekforening.

Vidar Lund er fødd 12. februar 1974 i Levanger i Trøndelag, der han vaks opp. Han er utdanna bibliotekar frå Høgskolen i Oslo (1993–2002).

I perioden 1997–2000 var Lund økonomikonsulent for Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU). Han var fylkessekretær for Senterpartiet i 2000–02, biblioteksjef ved Sør-Varanger bibliotek i 2003–07 og leiar av sørviskontoret i kommunen i 2007–08. Deretter reiste han sørover og var tilsett som biblioteksjef i Time kommune i 2008–11. Han var fylkesbiblioteksjef i Rogaland fylkeskommune i 2012–15 og samstundes seksjonssjef for allmenn kultur i 2013–15. Lund var biblioteksjef ved Levanger bibliotek i 2015–20, og i 2020 blei han vald til ny leiar i Norsk Bibliotekforening.

Lund var medlem av sentralstyret til Norsk Målungdom (NMU) i 1993–95 og dagleg leiar i ungdomsorganisasjonen i 1995–96, og han arbeidde som organisasjonskonsulent i Noregs Mållag i 1999–2000. Han var leiar av det største mållaget i Noreg, Bondeungdomslaget i Oslo, i 2000–02. I 2002 blei han vald til leiar av Noregs Mållag, men gjekk av seinare same året på grunn av avsløringa av medlemsjuks i Norsk Målungdom i den perioden han var dagleg leiar der. NMU blei dømd til å betale, og betalte tilbake, nær 2,9 millionar kroner. Saka mot Lund blei lagd bort, medan seks andre blei dømde til kortare fengselsstraffer.

Lund har hatt mange tillitsverv, mellom anna i Noregs Ungdomslag. Han var styreleiar i Norsk Barneblad frå 2006 og nestleiar i Norsk Bibliotekforening i 2006–14. Han var elles aktiv i Varanger Mållag og har vore leiar både i Stavanger Mållag, Rogaland Mållag og Trønderlaget. Han var leiar av Finnmark Senterparti i 2006–08, og han sat i rådet i Nynorsk kultursentrum for Noregs Mållag i 2014–19.

Kjelder

Vidar Lund, yrkesprofil, linkedin.no: https://www.linkedin.com/in/vidar-lund-76a4892/ [lesedato 17.12.2019]

Hege Lothe: «– Ei alvorleg sak», nm.no, publisert 16.10.2002: http://www.nm.no/tekst.cfm?path=10197,10201,10206&id=1700 [lesedato 17.12.2019]

 

Peikarar

Bok365: «Lund blir ny bibliotek-leder», bok365.no, publisert 24.3.2020

NTB: «Ny leiar i mållaget», nrk.no, publisert 28.4.2002

Kristoffer Egeberg og Nicolai Heyerdahl: «– Navnet mitt er svertet», dagbladet.no, publisert 11.10.2002

Først publisert: 18.12.2020
Sist oppdatert: 21.12.2020