Hopp til innhold
X
Innhald

Else Mundal

Else Olaug Mundal, professor emerita i norrøn filologi, forskar med kulturhistorisk interesse som spenner frå norrøn grammatikk til helgenlegender, kjennar i særklasse av kvinnehistoriske emne og av norrøne litterære kjelder i mellomalderen.

Else Mundal er fødd på Eidså på Sunnmøre 8. november 1944. Ho tok nordisk hovudfag ved Universitetet i Oslo i 1971, der ho vart dosent i norrøn filologi i 1977 og professor i 1985. I 1994 vart ho kalla til professor i norrøn filologi ved Universitetet i Bergen. Ho pensjonerte seg i 2012 og er i dag professor emerita.
Mundal er filolog i brei tyding av ordet. Ein raud tråd i dei tidlege arbeida var kvinneperspektivet. I 1974 publiserte ho Fylgjemotiva i norrøn litteratur. I folketrua var fylgjene varslande vesen, og Mundal viser korleis kvinner kunne vere fylgje, og korleis kvinnefylgjemotiva utvikla seg frå norrøn til nyare tid. Mundal har òg greidd ut om kvinnesynet hos Snorre og om kvinnene si rolle i den munnlege forteljetradisjonen. Ho har fått fram ny kunnskap om kvinnene si rolle i sagatida, mellom anna som forvaltarar av ære. Det var berre menn som kunne oppnå ære, men Mundal viser korleis kvinner var med og påverka mennene sine æreshandlingar, til dømes blodhemn.
Mundal har vore etterspurd som omsetjar av norrøn litteratur. Eit av dei sentrale verka ho har omsett, er Legender frå mellomalderen (1995). I dei seinare åra har ho vore oppteken av møtet mellom den heidne og den kristne kulturen, og i 2010 var ho medforfattar av ei bok om samar som «dei andre».
Mundal var med i styret for Det Norske Samlaget 1992–99. I 1999 vart ho vald inn som medlem i Det Norske Vitskapsakademiet.

Kjelder

Else Mundal, presentasjonsside, Senter for middelalderstudier, Universitet i Bergen, uib.no: http://www.uib.no/cms/en/contact-us/staff/mundal-else [lesedato 28.9.2010]

Peikarar

Omtale av heidersskriftet Fjold veit hon fræda (2012), novus.mamutweb.com

Først publisert: 25.11.2011
Sist oppdatert: 09.10.2019