Wenche Medbøe er ein norsk skodespelar og iscenesetjar.
Wenche Medbøe har hatt eit særleg engasjement for born og unge, som ho har skrive og oppført teater for, og gjennom mange tiår på Det Norske Teatret har ho spela i meir enn hundre roller.
Wenche Elena Riosianu Medbøe
Wenche Medbøe er ein norsk skodespelar og iscenesetjar.
Wenche Medbøe har hatt eit særleg engasjement for born og unge, som ho har skrive og oppført teater for, og gjennom mange tiår på Det Norske Teatret har ho spela i meir enn hundre roller.
Wenche Medbøe er fødd i Oslo. Etter eksamen frå Teaterhøgskolen i Oslo 1963 var ho tilsett ved Fjernsynsteatret i 1963–1965, ved Nationaltheatret i 1965–1969 og ved Det Norske Teatret i 1969–2010. I eitt år, 1979–1980, spela ho ved Rogaland Teater.
Wenche Medbøe er dotter av Odd Medbøe og syster til Katja Medbøe.
Blant rollene på Nationaltheatret spela Medbøe mellom anna den lille guten i Ingmar Bergmans oppsetting av Luigi Pirandellos Seks personer søker en forfatter (1967), Hilde i Henrik Ibsens Fruen fra havet (1968) og Alvilde i Bjørnstjerne Bjørnsons Naar den ny vin blomstrer (1969).
På Det Norske Teatret har Medbøe spela i dei fleste sjangrar. Ho var Fiona i framtidsdramaet Å miste eit romskip av Jon Bing og Tor Åge Bringsværd, hertugdottera Miranda i fantasistykket Stormen av William Shakespeare, Elektra i den greske tragedien Orestien, alle oppsette 1970, og Anette i samtidsdramaet Der storbåra bryt (1980) av Edvard Hoem. Av seinare roller har ho blant anna spela mora i Mor til David S. av Yvonne Keuls (1990) og Greta i Tida er vår heim av Lars Norén (1995). I 2005 tolka ha Mor Åse i Robert Wilsons oppsetting av Peer Gynt.
I Fjernsynsteatret spela ho mellom anna Minna i Arild Brinchmanns tolking av Leck Fischers Frisøndag (1961), Borghild i Cora Sandels Kranes konditori (1963), Ariel i William Shakespeares Stormen (1964) og i krimserien Taxi, som vart vist på NRK Fjernsynet hausten 1969.
Medbøe har eit vake auge for dei yngste. Ho har iscenesett to barneframsyningar på Oslo Nye Teater og har spela i oppsetjingar om ungdom og rusproblem i Mor til David S og Om sju jenter på Det Norske Teatret. I fleire år frå 1997 framførte ho kvar sommar Haugtussa på Labråten, heimen til Arne og Hulda Garborg i Asker, som no er ein del av Asker Museum. Sidan 1998 har ho nesten kvar laurdag medverka i EventyrForteljeTeaterStund på Det Norske Teatret.
I 2010–2012 var ho prosjektleiar for kjeldeinnsamlinga Teaterets Hukommelse, der 50 teaterarbeidarar fortel om roller dei har hatt, og tankar dei har gjort seg gjennom eit langt teaterliv.
Gjennom sitt eige kompani, Medbøe Produksjoner, har ho mellom anna har laga ei forestilling om Rolf Jacobsens liv og diktning, Kjente jeg deg? (2014).
Medbøe vart heidra med Kunstnerforbundet sin Parelius-pris i 2009.
Kommentarar (3)
skreiv Morten Bakkeli
svarte Lillian Bikset
svarte Lillian Bikset
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.