Hopp til innhold

Liv Signe Navarsete

Liv Signe Navarsete

Liv Signe Navarsete, politikar frå Sogn som har representert Senterpartiet både på lokal-, fylkes- og riksnivå. Leiar i Senterpartiet 2008—2014. Tidlegare statsråd i Samferdselsdepartementet og i Kommunal- og regionaldepartementet.

Les meir om Liv Signe Navarsete

Carl Johan Nielsen

Carl Johan Nielsen, lærar, fjellvandrar og organisasjonsmenneske. Han gjekk under oppnamnet ”Norges Løve” på grunn av sitt sterke og høgrøysta engasjement i diskusjonar om nasjonale og språklege spørsmål.

Les meir om Carl Johan Nielsen

Oddvar Nordeide

Oddvar Nordeide, pressemann og avisredaktør frå Førde. Saman med broren Per overtok han og vidareførte faren sitt livsverk, avisa Firda, gjennom det som var ei sterk ekspansjonstid.
Les meir om Oddvar Nordeide

Olai Nordeide

Dankert Olai Olsen Nordeide, redaktør gjennom mange år i avisa Firda. I si redaktørtid bygde han avisa opp frå eit magert utgangspunkt til å bli den dominerande lokalavisa i Sunnfjord.
Les meir om Olai Nordeide

Per Nordeide

Per Nordeide, pressemann og avisredaktør frå Førde. Saman med broren Oddvar overtok han og vidareførte faren sitt livsverk, avisa Firda, gjennom det som var ei sterk ekspansjonstid.

Les meir om Per Nordeide

Marius Nygaard

Marius Nygaard, skulemann og språkforskar. Han var den første etter Ivar Aasen som skreiv ei framstilling av grammatikken i landsmålet. Boka kom i 1867 og var den første læreboka i nynorsk grammatikk.

Les meir om Marius Nygaard

Aslaug Nyrnes

Aslaug Nyrnes, retorikk-, didaktikk- og sakprosaforskar som har gitt ny innsikt i både den nynorske og den dansk-norske skriftkulturen.

Les meir om Aslaug Nyrnes

Aagot Noss

Aagot Noss, museumskonservator og tradisjonsforskar, er ein av dei fremste kjennarane av norske folkedrakter og har skrive fleire standardverk om emnet.

Les meir om Aagot Noss

Jostein Nerbøvik

Jostein Kjell Nerbøvik, historikar. Han lærte ein heil generasjon studentar historia om demokratiseringa av Noreg på 1800-talet og viste kva historisk innsikt kan brukast til i praktisk arbeid.

Les meir om Jostein Nerbøvik

Odd Nordstoga

Odd Nordstoga

Odd Nordstoga, artist, komponist og tekstforfattar som syng på nynorsk og dialekt. Med Kveldssong (for deg og meg) vart han populær hos dei lyttande massane, og han har sidan vore ein folkekjær artist.

Les meir om Odd Nordstoga

Sigurd Nesse

Sigurd Nesse, lærar, kulturarbeidar og målreisar. Han arbeidde for norsk mål i skulen i ei språkpolitisk brytingstid. Nesse skreiv også fleire bøker på landsmål.

Les meir om Sigurd Nesse

Hans Jacob Nilsen

Hans Jacob Nilsen, skodespelar og to gonger teatersjef ved Det Norske Teatret. Nilsen innførte den amerikanske musikalen ved Det Norske Teatret og stod bak ein epokeskapande versjon av Peer Gynt.

Les meir om Hans Jacob Nilsen

Jon Naustdalslid

Jon Naustdalslid, samfunnsforskar med særleg kjennskap til kommunane sine livsvilkår i krysset mellom lokalt folkestyre og sentralt pålagde oppgåver.

Les meir om Jon Naustdalslid