Faktaboks

Liv Signe Navarsete
Fødd
23. oktober 1958, Sogndal
Liv Signe Navarsete
Liv Signe Navarsete er Sp-politikar frå Sogn. Ho har vore stortingsrepresentant i fleire periodar og er tidlegare leiar i Senterpartiet og statsråd i to departement.
Av /Stortinget.

Liv Signe Navarsete er ein norsk politikar for Senterpartiet som var stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane frå 2005 til 2021 og samferdsleminister 2005–2009 og kommunalminister 2009–2013 i den raud-grøne regjeringa til Jens Stoltenberg. Ho var leiar i Senterpartiet frå 2008 til 2014 og er frå 2022 statsforvaltar i Vestland.

Bakgrunn

Liv Signe Navarsete er fødd i Sogndal. Ho har utdanning som cand.mag. i økonomi, administrasjon og IKT ved Høgskulen i Sogn og Fjordane 1999. Yrket sitt har ho hatt innan landbruket som sjølvstendig næringsdrivande sidan 1977, frå 1987 til 1996 som salskonsulent for Sogn og Fjordane meieri.

Politisk karriere

Forutan å ha sete i kommunestyra både i Sogndal og Lærdal har Navarsete vore medlem av fylkestinget i Sogn og Fjordane 1995–1999 og fylkesutvalet 1999–2005.

I 2005 vart ho vald inn som stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane for Senterpartiet (vara 2001–2005), men ho gjekk snart over i jobben som statsråd i Samferdselsdepartementet (2005–2009) og i perioden 2009–2013 i Kommunal- og regionaldepartementet. Navarsete vart attvald på Stortinget i 2009, 2013 og 2017. Ho stilte ikkje til attval ved valet i 2021, men søkte på og fekk stillinga som statsforvaltar i Vestland i 2022.

Navarsete var leiar i Sogn og Fjordane Senterpartiet 1998–2004, og 2. nestleiar i Senterpartiet sentralt 2001–2008 og leiar i perioden 2008-2014. Liv Signe Navarsete trekte seg som partileiar etter konflikter i partiet i 2014, og Trygve Slagsvold Vedum vart vald til ny partileiar. Ho gjekk samstundes av som parlamentarisk leiar i Senterpartiet, som ho hadde vore sidan 2013. Navarsete held fram som stortingsrepresentant. Ho var utanriks- og forsvarspolitisk talsperson for Senterpartiet frå 2015 til 2021.

Navarsete har elles hatt ei rekkje offentlege og private verv, mellom anna som styremedlem i Gjensidige Forsikring og styreleiar i Vestlandsforsking.

Standpunkt

Som samferdsleminister vart Navarsete stilt overfor store utfordringar. I hennar periode hadde klimaendringane sett sitt preg på det offentlege ordskiftet, og miljørørsla har kravd mindre utslepp frå transportsektoren. Svaret på dette har blant anna vore auka statlege investeringar i jernbanenettet. På den andre sida hadde mange store forventningar til at Navarsete skulle få til løysingar på uløyste vegprosjekt, ikkje minst i distrikta. Ho har likevel avvist offentleg-privat samarbeid (OPS) som finansieringsmåte i vegsektoren.

Våren 2008 markerte Navarsete seg som ein verdikonservativt medlem av regjeringa. Saman med Magnhild Meltveit Kleppa tok ho dissens på forslaget i den nye ekteskapslova om å gi lesbiske tilgjenge til assistert befruktning. Dette var den første dissensen i denne regjeringa.

I 2007 fekk ho Storegutprisen for god og levande nynorskbruk.

I 2022 utgav ho memoarboka Eg veit kva eg snakkar om!, med Jens Kihl som forfattar.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg