Hopp til innhold
X
Innhald

Audgunn Oltedal

Audgunn Oltedal, journalist og journalistutdannar. Ho var den første redaktøren i SV-avisa Ny Tid, arbeidde i 25 år i NRK og har gitt ut bøker om genteknologi og om medieetikk.

Audgunn Oltedal er fødd i Høle i Rogaland 12. april 1945 og voks opp i Romsdalen. Ho tok examen artium ved Rogaland off. landsgymnas i 1965, vart cand.mag. ved Universitetet i Bergen i 1973 og cand.philol. med hovudfag i filosofi ved Universitetet i Oslo i 1997. Emnet for hovudoppgåva var medieetikk.
Ho var journalistlærling i Dagen 1965–67, sommarvikar i Stavanger Aftenblad 1968–70, redaktør for SV-avisa Ny Tid 1975–79 og var i perioden 1979–2004 tilsett i NRK, som programsekretær i Dagsrevyen (1979–90), som redaksjonssjef i Dokumentar- og samfunnsredaksjonen (1991–94) og i NRKs etikkprosjekt i Kompetanseavdelinga (1996–2000). Frå hausten 2004 har ho vore førstelektor ved journalistutdanninga ved Høgskolen i Oslo.
Oltedal har gitt ut bøkene Inn i genalderen (1988, saman med Kristin Aalen Hunsager), Genteknologi (1992, saman med Thomas Grünfeld), Den myndige journalisten (2001) og Venstrepopulisme (2009, saman med Nils Aarsæther og Knut Heen). I 2013 redigerte ho saman med Arnhild Skre Formødrenes stemmer – kvinneliv rundt stemmeretten, og i 2019 gav ho ut saman med Magne Lindholm Journalistikk, verdier og menneskerettigheter.
Oltedal var medlem av Norsk kulturråd 1973–81, Nasjonal forskingsetisk komité for naturvitskap og teknologi 1994–96 og Rådet for anvend medieforsking 1992–96. I 1990 vart ho som den første kvinna vald til styreleiar i litteraturselskapet Det Norske Samlaget. Ho hadde dette vervet til 1994. I perioden 2002–08 var ho ekstern medlem av styret for Ivar Aasen-instituttet i Volda.
Kjelder
Audgunn Oltedal, e-post 4.5.2011
Roger Ole Rangsæter, Ivar Aasen-instituttet, e-post 14.4.2011
Jubileumskalender 1992. Det Norske Samlaget 1868–1993. Oslo 1993
Audgunn Oltedal: Den myndige journalisten. Kristiansand 2001
Frank Rossavik: SV fra Kings Bay til Kongens bord. Oslo 2011
Nils E. Øy: Pressefolk 1997. Institutt for Journalistikk. Oslo 1998
Peikarar

Thomas Grünfeld og Audgunn Oltedal: Genteknologi, NBdigital

Først publisert: 31.12.2011
Sist oppdatert: 28.01.2020