Hopp til innhold
X
Innhald

Egil Olsen

Egil Olsen, musikar, songskrivar og songar som nyttar det engelske språket med naivistisk kløkt. Musikken hans er ofte melankolsk, men formidla med humor.

Egil Olsen er fødd 14. april 1980 i Ørsta, Møre og Romsdal og bur no i Oslo. Han byrja på formgivingslinja ved Ørsta vidaregåande skule, men fullførte aldri utdanninga. Etter eit år som utvekslingsstudent i USA (1997) har han gradvis gjort musikken til yrkesveg.
Olsen har hatt ymse småjobbar i Ørsta (1998–2007), til dømes i ein musikk- og videobutikk. Han har òg bakgrunn frå filmarbeid i lokalmiljøet og har vore kurslærar og sensor på sminke- og spesialeffektutdanninga ved Nordisk Institutt for Scene og Studio (NISS) i Oslo (1999–2003).
(Artikkelen held fram under fotoet)
Foto: Ante Giskeødegård
Foto: Ante Giskeødegård
Musikarkarrieren til Olsen byrja under namnet Uncle's Institution. Etter to platealbum, Brand New Fool (2002) og Walkie talk to me (2005), har han seinare gitt ut album under eige namn. I am a singer/songwriter (2007) inneheld sjarmerande popsongar, framførte med gitar og vokal. På oppfølgjaren Nothing like the love I have for you (2009) er lydbiletet utvida, og mellom andre Jenny Hval (Rockettothesky) og Thom Hell er med som gjesteartistar. Som tittelen tilseier handlar tekstane ofte om kjærleik. Keep movin – Keep dreamin (2011) er eit steg vidare, både musikalsk og lyrisk. Som på den førre plata har Olsen med seg fleire musikarar, og ved hjelp av strykarar og strengeinstrument, trekkspel og tuba, skaper han varme lydbilete som står godt til dei sjølvgranskande og optimistiske tekstane. Same året gav han òg ut livealbumet Egil Olsen show, der den humoristiske sansen og den gode stemninga frå konsertane hans skin igjennom.
(Artikkelen held fram under videoen)
Video: Uncle's Institution – «Birds in my backyard»
Som ungdom hadde Olsen ambisjonar som filmskapar og dessutan ei interesse for teikning, som han har halde ved like. Dette ser ein til dømes i musikkvideoane og på albumomslaga, som han oftast lagar sjølv.
(Artikkelen held fram under videoen)
Video: Den prisvinnande musikkvideoen til «Singer/songwriter», regissert av Janic Heen.
Olsen har fått pris som regissør for beste fiksjonsfilm under Amandus-festivalen (2000) og for beste norske musikkvideo på kortfilmfestivalen i Grimstad for «Singer/songwriter» (2007). I 2010 fekk Olsen sitt eige hyllestalbum, Nothing like the love we have for you – Lovely renditions of evergreen Egil Olsen hits, der artistar som Thom Hell, Rockettothesky og Side Brok spelar songane hans. I 2012 hadde han festspelutstilling under Dei nynorske festspela, og i 2013 fekk han Ørsta kommune sin kulturpris.
Kjelder
E-post frå Egil Olsen 4.12.2013
Biografi på nettstaden til Egil Olsen: http://www.egilolsen.com/bio.htm [lesedato 30.11.2013]
Peikarar

Først publisert: 18.06.2014
Sist oppdatert: 04.08.2014