Hopp til innhold
X
Innhald

Gyrid Axe Øvsteng

Gyrid Axe Øvsteng er forfattar og har skrive drama og biletbøker for barn. Stykka hennar er sette opp ved ei rekkje teater.

Gyrid Axe Øvsteng er fødd 31. juli 1974 i Vågå. Ho har utdanning frå Skrivekunstakademiet i Hordaland i 1994, teatervitskap i 1996 og nordisk litteratur i 2000 frå Universitetet i Bergen og dramaturgi frå Høgskolen i Oslo i 1997. Ho har òg vore elev ved Statens teaterhøgskole i eit pilotprosjekt for dramatikarar i 2001–03.

Øvsteng har skrive og fått oppført drama ved mellom anna Det Norske Teatret i 2000–12, Nationaltheatret i 2001–02 og Teater Ibsen i 2006–14. Ho har gitt ut fleire dramatekstar, mellom anna Arv. Linedans (2005) og Gjøglaren. Nattsvermar. Gåva (2012). Den sistnemnde tittelen er scenetekstar mynta på eit yngre publikum, og dei tematiserer det å ta vare på evnene sine, våge å møte det ein fryktar, og vennskap.

Som dramatikar debuterte Øvsteng med einaktaren Køyr i 2000, medan den første barneboka, Finn!, kom ut i 2009. Denne biletboka handlar om tre generasjonar Finn, som leitar og finn. Draumar (2011) fortel om ei mørkredd veslesyster som vert trøysta av ein fantasirik storebror. Øvsteng samarbeider med illustratøren Per Ragnar Møkleby i barnebøkene sine. Samspelet mellom kjenslevare tekstar og spenstige illustrasjonar gir eit meiningsrikt og vakkert uttrykk, som engasjerer lesaren.

Førstemamma på Mars (2013) er basert på forfattaren sine eigne erfaringar med alvorleg sjukdom. Boka handlar om born sine kjensler, tankar og reaksjonar når nokon i familien vert svært sjuk. Jenta i historia freistar å finne forklaringar på kvar den fantastiske mor hennar er, medan ho i realiteten ligg på sjukehus og er døyande. Tekst og bilete skildrar intenst, nært og ærleg ei sår forteljing frå eit barn sitt perspektiv.

For Førstemamma på Mars fekk Øvsteng Kritikarprisen i 2013 for beste barne- og ungdomsbok og Kulturdepartementet sin biletbokpris for barnebøker.

Kjelder

E‑post frå Gyrid Axe Øvsteng 1.11.2017

Øystein Espe Bae: «Gyrid Axe Øvsteng: Førstemann på Mars», boktips frå Nynorsksenteret, nynorskbok.no: http://www.nynorskbok.no/2013/10/25/gyrid-axe-ovsteng-forstemamma-pa-mars/ [lesedato 1.11.2017]

Peikarar

Kritikerlaget, om tildelinga av Kritikarprisen 2013, kritikerlaget.no 

Norsk barnebokinstitutt, om tildelinga av Kulturdepartementet sine prisar for barne- og ungdomslitteratur 2013, barnebokinstituttet.no  

Andrea Rygg Nøttveit: «Skreiv vinnarboka då ho vart sjuk», intervju med forfattaren, framtida.no 

Først publisert: 07.03.2018
Sist oppdatert: 07.03.2018