Hopp til innhold
X
Innhald

Halldor O. Opedal

Halldor O. Opedal, lærar og folkeminnesamlar. Merkt av vidsveimt emneval, sikker språkkjensle og eit fargerikt ordtilfang står arbeidet hans mellom det fremste i norsk tradisjonssamling.

Opedal var fødd i Ullensvang 26. mai 1895 og døydde same staden 17. januar 1986. Etter ein folkehøgskulevinter tok han lærarskulen på Stord og var lærar fleire stader: Espe, Dale i Bruvik, Fusa – og så i 37 år i Tyssedal.
 
Opedal voks opp i eit miljø rikt på folkeminne og forteljetradisjon. Tidleg byrja han å skrive ned det han høyrde av gamalt folk i heimegrenda. All fritid gjennom heile livet brukte han til å tråle hardangerbygdene, frå Røldal til Varaldsøy og oppsøkte gamle menneske med godt minne og god forteljeevne. Den overveldande mengda tradisjonsstoff han samla, kom ut i bokseriane Makter og menneske og Folk or gamal tid, og ei rekkje einskildbøker. Opedal dyrka ein lokalfarga nynorsk med stor ihuge.
 
For formuen han bygde opp, reiste han eigne fond som tente målsak og kulturarbeid i Hardanger. Opedal fekk Kongens fortenestmedalje i gull i 1961 og Norsk Kulturråds ærespris for lokalhistorie i 1975. Ei bronsebyste modellert av Oddmund Raudberget vart avduka på Lofthus i 1995.
 
Kjelder
Gard og grend. Heidersskrift til Halldor O. Opedal. Hardanger Folkeminnelag, Utne 1985 
Hardangerminne. Festskrift til Halldor O. Opedal på 70-årsdagen den 26.mai 1965. Hardanger Historielag, Øystese 1965
Oddmund Hus (red.): Halldor O. Opedal. Folkeminnesamlaren og forteljarane hans. Hardanger Folkeminnelag, Kinsarvik 2002

Først publisert: 17.12.2009
Sist oppdatert: 29.04.2013