Hopp til innhold
Ivar Odnes. Foto: Stortinget.
Ivar Odnes. Foto: Stortinget.
X
Innhald

Ivar Odnes

Ivar Odnes, byggmeister, folkemusikar, politikar og stortingsrepresentant for Senterpartiet frå Oppland.

Ivar Odnes blei fødd 25. mai 1963 på Lillehammer i Oppland og døydde 5. oktober 2018. Odnes gjekk bort etter kort tids kreftsjukdom i ein alder av 55 år. Han fekk mykje støtte for å ha vore open om sjukdomen.

Han vaks opp i Vågå i Gudbrandsdalen og budde på Østre Toten. Han var byggmeister og hadde utdanning frå Norges Trelastskole på Lillestrøm og frå Folkeuniversitetet i 1999–2001.

Han arbeidde som byggjeplassleiar ved Aasheim Bygg AS i 1998–2002 og ved Toten Bygg og Anlegg i 2002–11. Frå 2011 til 2017 var han fylkesvaraordførar, og i 2017–18 var han stortingsrepresentant for Senterpartiet frå Oppland.

Odnes var medlem av kommunestyret i Vågå i seks år og leiar av Oppland Senterparti i 2006–14. Han representerte Senterpartiet i fylkestinget i Oppland i 14 år, var fylkesvaraordførar i seks av desse åra og vararepresentant til Stortinget i 2013–17. I 2017–18 var han medlem av transport- og kommunikasjonskomiteen.

Odnes arbeiddde med å skape gode løysingar på tvers av dei politiske partia. Han var oppteken av samferdselspolitikk og av å halde ulvebestanden nede, og han arbeiddde langsiktig for å utvikle Oppland.

Odnes var nestleiar i styret i Norsk Kulturarv i 2013–17 og leiar av KS Oppland og bedriftsforsamlinga i Eidsiva Energi i 2015–17, og han var òg styremedlem i Indre Østland Fotballkrets og i Senterpartiets studieforbund i Oppland i 2016–17.

Han var også ein habil folkemusikar og bidrog med felespel på utgivinga Norsk folkemusikk 1–10 i 1995. Odnes var nynorskbrukar og blei referert på nynorsk i Stortinget.

Kjelder

Ivar Odnes, «Representanter og komiteer», stortinget.no: https://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=IOD [lesedato 15.3.2018]

Om Ivar Odnes på senterpartiet.no: https://www.senterpartiet.no/lokallag-og-fylkeslag/oppland/valg-2017 [lesedato 15.3.2018]

Ivar Odnes, profil på linkedin.com: https://www.linkedin.com/in/ivar-odnes-b9621250/ [lesedato 15.3.2018]


Peikarar

Erlend Moe: «Sp vil ha Odnes på tinget», nrk.no, publisert 26.11.2016 

Ivar Odnes og Leif Inge Schjølberg: «Lalmingen», youtube.com 

«Ivar Odnes er død», nrk.nohttps://www.nrk.no/ho/ivar-odnes-er-dod-1.14236556

Først publisert: 14.05.2018
Sist oppdatert: 04.02.2019