Hopp til innhold
X
Innhald

Lars Osa

Lars Anderssen Osa var ein skrivefør målmann og musikalsk kunstmålar som gav mange bidrag til nynorsk kulturhistorie og portretterte den aldrande Ivar Aasen.

Lars Osa var fødd 13. august 1860 i Ulvik i Hardanger i Hordaland og døydde på Voss 9. februar 1958. Han voks opp i Osa, og alt frå unge år var han ein framifrå felespelar.
Etter eit møte med Nils Bergslien og Axel Ender i Eidfjord bestemte Osa seg for å bli kunstmålar. Den første opplæringa i biletkunst fekk han av Adolf M.S. Arctander ved folkehøgskulen på Lofthus i 1880. I 1881 fekk han undervising av Nils Bergslien. Osa fekk deretter friplass ved Den Kongelige Tegneskole i Kristiania fram til 1882 og studerte mellom anna ved den namngjetne P.S. Krøyers målarskule og Kunstakademiet i København frå 1882 og fram til midten av 1880-åra. Osa hadde studieopphald mellom anna i Paris og Nederland.
Etter nokre år i Kristiania flytta han til Kristiansand og Setesdal. Osa slo seg ned for godt på Voss frå 1917. Ei tid var han teiknelærar ved Voss kveldsskule. Elles livnærte han seg hovudsakleg som kunstmålar. Han gjorde kyrkjedekorasjonar, særleg på Vestlandet, restaureringsarbeid i kyrkjene på Tretten og i Øyer i Gudbrandsdalen og i Vislev domkyrkje i Danmark, noko han fekk statsstipend til i 1914. Han fekk òg reisestipend og fleire legat.
Osa var med på verdsutstillinga i Paris i 1889 med Hjå Faderen frå same året og var òg representert ved fleire andre kollektivutstillingar, mellom anna ved Statens Kunstutstilling (Haustutstillinga) ved ulike høve, ei utstilling i Lübeck i 1895 og Vestlandsutstillinga i 1922 og 1930. Han hadde separatutstillingar i fleire norske byar, og ei retrospektiv utstilling vart arrangert i 1950 av kunstforeiningane i Bergen, Trondheim, Kristiansand og Haugesund.
Osa var rundt 1918 medlem av komiteen for reising av Ola Mosafinn-monumentet og Ridande Vossebryllaup. Osa vart heidersmedlem i Voss mållag i 1956 og i Voss spelemannslag.
Ivar Aasen som modell
Osa var fascinert av mellomalderkunst og freskomåleri. Han henta elles gjerne motiv frå bygdemiljø, særleg frå Setesdal, tidvis idylliserande eller nasjonalromantiske, men òg med ironisk snert. Eit døme er Flatbrødbaking i fjøset (1895). Det finst nokre krasse tendensmåleri av Osa, til dømes Eit Menneskje (1897), men det var særleg som portrettmålar han hevda seg.
Han portretterte to av dei fremste filologane i Noreg, professor C.R. Unger og Ivar Aasen, og mellom andre markante menn er Adolf M. Arctander og Knut Bergslien, som han hadde fått undervisning hos i ungdomstida. Osa utførte òg sjølvportrett og barnestudium og gjorde nokre bokillustrasjonar, mellom anna framsida til Fra barnets verden, ei bok av Hermine Bernhoft Osa (den første kona hans).
(Artikkelen held fram under biletet)
«Ivar Aasen i sin stue», 1895. Oljemåleri av Lars Osa. Bergen kunstmuseum, deponi Ivar Aasen-tunet. Foto: Ivar Aasen-tunet
«Ivar Aasen i sin stue», 1895. Oljemåleri av Lars Osa. Bergen kunstmuseum, deponi Ivar Aasen-tunet. Foto: Ivar Aasen-tunet
På mange strenger
Med om lag 200 foredrag nådde Osa ut til folkeakademi og frilynde ungdomslag over heile landet. Osa var «virtuos paa Hardangerfele» skreiv Aftenposten etter eit foredrag han heldt om rosemåling og felespel i Kristiania våren 1905. Osa bygde sjølv felene sine, og han laga òg nokre komposisjonar. Notar til springaren Fivreldet (1904) har han teke med i boka Med pensel og feleboge. Boka er illustrert med mange av bileta hans og er eit verdifullt tilfang til nynorsk kulturhistorie.
Arbeid av Osa finst i Voss folkemuseum, kunstmusea i Bergen, Trondheim, Kristiansand og Haugesund og Oslo Bymuseum. Osas portrett av Aasen vart innkjøpt av Bergen Billedgalleri og er deponert i Ivar Aasen-tunet.
Kjelder
Halfdan Eide: «Maleren Lars Osa», Folkekunst nr. 2–3/1949
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Oslo 2006 
Sonja Hagemann: Barnelitteratur i Norge 1850–1914. Oslo 1974
Carsten Hopstock og Stephan Tschudi Madsen: Rosendal. Baroni og bygning. Oslo 1969 
Eva Nordland: «Adolf Maurits Steenbuch Arctander», Aschehougs konversasjonsleksikon. Oslo 1974
Lars Osa: Med pensel og feleboge. Bergen 1954
Dag Sveen: «Lars Anderssen Osa», Norsk kunstnerleksikon, bd. 3. Oslo 1986
Tordis Ørjasæter ofl.: Den norske barnelitteraturen gjennom 200 år. Oslo 1981
Leif Østby: «Lars Osa», Aschehougs konversasjonsleksikon. Oslo 1974
 
Peikarar

Først publisert: 28.11.2011
Sist oppdatert: 16.01.2014