Hopp til innhold
X
Innhald

Lidvin Osland

Lidvin Magnus Osland, geolog og fylkeskultursjef. Han har utmerkt seg som ein særleg kreativ og engasjert byråkrat som har gått i brodden for ei rekkje nye tiltak innanfor kulturlivet, og som har utfordra grensene for folkevald styring.
Lidvin Magnus Osland er fødd 7. januar 1937 i Gaular og er oppvaksen i Høyanger. Etter examen artium ved Firda Gymnas i 1957 utdanna han seg til cand.real. med geologi som hovudfag ved Universitetet i Bergen i 1967. Han arbeidde i 1970–72 som statsgeolog, i 1972–75 som museumslektor ved Universitetet i Tromsø, og i 1975–79 som leiar ved Tromsø Museum. Den fremste rolla har Osland likevel spela som kulturbyråkrat, som fylkeskultursjef i Sogn og Fjordane 1978–93 og 1996–2004, og som direktør i Norsk kulturråd 1993–96. Osland har hatt ei rekkje sentrale tillitsverv i norsk kulturliv, mellom annan som styreleiar for Rikskonsertane, Statens museumsråd, Norsk kulturskuleråd, Norges Husflidslag og det norske styret for International Councils of Museums.
Mange av kulturinstitusjonane i Sogn og Fjordane vart etablerte i Osland si tid som fylkeskultursjef, med han som fødselshjelpar, mellom anna Fylkesgalleriet, Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, distriktsmusikarordninga, teaterbåten «Innvik» og Nordisk kunstnarsenter. I si tid i Kulturrådet arbeidde han særleg for å få til ei kopling mellom kultur, næring og reiseliv. Sidan 2004 har han vore spesialrådgivar i fylkeskommunen, mellom anna med oppgåver knytte til internasjonalisering og reiselivssatsingar. Han har hatt fleire verv knytte til dette feltet, mellom anna som nestleiar i Nordisk samarbeidsgruppe for kultur og helse og som medlem i Utanriksdepartementet og Handelsdepartementet sitt kultureksportutval.
I 2006 fekk Osland tildelt Kongens fortenestemedalje i gull.
Kjelder
Trond Ueland og Georg Arnestad (red.): Lidvin – rett og slett. Førde 2007
Biografi om Lidvin M. Osland, NRK Sogn og Fjordane fylkesleksikon, sist oppdatert 16.02.2007, http://nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/fylkesleksikon/1287341.html [lesedato 17.04.2010]
«Kongens fortenestemedalje i gull til Lidvin M. Osland», fylkesmannen.no, publisert 15.02.2007, http://www.fylkesmannen.no/fagom.aspx?m=654&amid=1361289 [lesedato 17.04.2010]
Peikarar
Bibliografi i Bibsys

Først publisert: 01.06.2010
Sist oppdatert: 01.06.2010