Hopp til innhold
Foto: Agnete Brun/ Forlaget Oktober
Foto: Agnete Brun/ Forlaget Oktober
X
Innhald

Margreth Olin

Margreth Olin, filmskapar som i filmane sine går tett innpå enkeltmenneske og provoserer fram og inviterer til debatt. Gjennombrotet i karrieren hennar kom med den sjølvbiografiske filmen Kroppen min i 2002.

Margreth Olin er fødd 16. april 1970 og voks opp i Stranda komune på Sunnmøre. Ho har grunnfag i medium og massekommunikasjon frå Universitetet i Bergen (1990). I tillegg til at ho har gått på linje for medium og journalistikk (1992), og linje for TV-journalistikk og dokumentarfilm (1994) ved Høgskulen i Volda.
Eksamensfilmen I kjærleikens hus frå 1994 blei filmskapardebuten for Olin. To år seinare kom dokumentaren Onkel Reidar (1997), medan den første langfilmen hennar var Dei mjuke hendene (1998). Olin slo for alvor igjennom med Kroppen min i 2002. Sidan har ho laga filmar som alle kommenterer ulike sider ved den norske samtida, til dømes om grådigskap, skuleverk, rusomsorg og asylpolitikk. I 1995 starta ho filmselskapet Speranza Film – speranza tyder håp.
Olin brukar forteljarrøysta aktivt i filmane sine, noko som forankrar filmane og gjer dei meir personlege. Denne røysta, som både er poetisk forteljande og ofte politisk, har endra karakter i løpet av åra og er med dei siste filmane blitt meir bokmålsprega.
For Dei mjuke hendene fekk Olin fleire prisar, mellom anna Amanda for beste dokumentar (1999). Kroppen min vann i tillegg til Amanda-prisen (2002), Gullruten for beste tv-dokumentar i 2004. Ho er i òg tildelt Film & Kinos ærespris (2003), Folkets Amanda (2009), Amnestyprisen (2010) og Zola-prisen (2013).
Kroppen min
Gjennombrotsfilmen Kroppen min (2002) er eit nake sjølvportrett, der Olin stiller spørsmål ved kva, eller kven, som er med på å skape sjølvbiletet kvinner har. Filmen er ei analytisk reise tilbake til barne- og ungdomsåra i eit forsøk på å nyste opp i kvifor sjølvbiletet hennar er blitt som det er. Filmen stiller òg spørsmål ved kva den kroppsfikserte tidsalderen vi lever i, gjer med dei som ikkje oppfyller idealmåla.
Kroppen min er ein dempa, men bitande kritikk av den sjølvkritiske og kroppsfikserte kulturen jenter veks opp i. Filmen byr på eit ærleg portrett, og sjåaren får kome like tett på Olin som filmskaparen Olin tek oss innpå hovudpersonane i andre filmar.
Lagar film om dei som fell utanfor
Olin står i ein filmskapartradisjon som avkler overgrep og systemsvikt i samfunnet. Grupper som sjeldan kjem til orde i det offentlege ordskiftet, er tema i fleire av filmane, til dømes Engelen (2009) og De andre (2012).
Engelen er basert på livet til ei veninne av Olin. I filmen, som er den første spelefilmen til Olin, har ho fått namnet Lea. Rusavhengige Lea maktar ikkje å ta vare på barnet sitt og må gjere eit umogleg val. Engelen handlar om omsorgssvikt under oppveksten og korleis det kan ta frå eit menneske sjølvrespekten. Maria Bonnevie spelar hovudrolla i filmen, som er basert på ein upublisert dokumentar. I denne dokumentaren følgde Olin narkomane Pia i over to år, men valde å ikkje vise filmen, då Pia blei rusfri.

Dokumentarfilmen De andre tek for seg konsekvensane av mellombels opphald for barn, som Noreg innførte i 2009. I fleire år følgde Olin mindreårige asylsøkjarar frå Kurdistan og Afghanistan. Dokumentaren går tett innpå livet deira på asylmottak medan dei tel ned til attenårsdagen sin, den dagen dei kan bli sende ut av landet. Ei sterk uro over den offentlege omsorga for dei mindreårige asylsøkjarane er gjennomgåande i filmen. Det er ein nær og provoserande film om ungdom som håpar på eit lyspunkt i livet. Med denne filmen kom Olin med eit sterkt innspel i debatten om den norske asylpolitikken. Olin skapte i 2016 debatt med filmen Mannen fra Snåsa, ein dokumentar om Joralf Gjerstad som skal ha lækjande hender.

(Artikkelen held fram under videoen)
Video: Trailar av dokumentarfilmen De andre.
Eit personleg og prisløna engasjement
I 2010 fekk Margreth Olin Amnestyprisen. Prisen blir delt ut til ein kandidat som har vore med på å opplyse om eller skape debatt kring menneskerettsspørsmål. Prisen fekk ho for å ha lyfta fram situasjonen til dei svake i samfunnet gjennom filmane sine, og for å ha protestert mot styresmaktene si handtering av enkeltmenneske og grupper.
Olin arbeider for å lyfte fram lagnaden til enkeltmenneske, og ho tek stilling til samtida. Noko av det som karakteriserer Olin som filmskapar, er at ho ikkje er objektiv, filmane blir ikkje til utan eit djupt og personleg engasjement. Bak dette ligg ein tanke om aktivt å ta grep – om å forandre.
Kjelder
E‑post frå Margreth Olin 16.10.2012
Bjørn Brøymer: «Klar med nakent selvportrett», Aftenposten Morgen 11.8.2002
Gunnar Iversen: «Margreth Olins stemme», rushprint.no, publisert 27.92010: http://rushprint.no/2010/09/margreth-olins-stemme/ [lesedato 18.12.2013]
Marianne Alfsen: «Margreth Olin får Amnestyprisen 2010», amnesty.no, publisert 23.10.2010: http://www.amnesty.no/aktuelt/flere-nyheter/margreth-olin-f%C3%A5r-amnestyprisen-2010 [lesedato 18.10.2012]
Halldis Bjerkvik Volle: «Engelen», kulturvinduet.no: http://www.kulturvinduet.no/tekst/7156/Engelen.aspx [lesedato 18.10.2012]
NRK: Aamot-statuetten til Margreth Olin, nrk.no, publisert 3.6.2003: http://www.nrk.no/kultur-og-underholdning/1.533328 [lesedato 18.10.2012]
«Kroppen min»: http://www.filmbasen.no/film/121301/kroppen-min/ [lesedato 18.10.2012]
Speranza Film: http://www.speranza.no/info/margreth.asp [lesedato 16.10.2012]
Peikarar
«Vart beskytta av menneskesmuglarar», intervju med NRK Filmpoltiet, p3.no

Først publisert: 20.03.2014
Sist oppdatert: 02.03.2016