Hopp til innhold
X
Innhald

Olav Oksvik

Olav Oksvik var ein fargerik og vidkjend politikar med djupe røter både i Bygde-Noreg og den arbeidarrørsla han var med på å byggje opp.

Olav Berntsen Oksvik var fødd 7. mai 1887 i Stranda, Møre og Romsdal, og døydde 16. september 1954. Han var steinarbeidar og bygningsmann i yngre år. Kona var kaféstyrar. Etter kvart organiserte han seg og var aktiv og pågåande i fagrørsla og Arbeidarpartiet. Han vart vide kjend i fylket og markerte seg jamt sterkare som ein kjend «tillitsmann».

Bortsett frå yrkesskulen eit halvt år i Ørskog, hadde han lite formell utdanning. Men han tok snart fatt i pennen – og vart seinare grunnleggjar og redaktør i avisa Romsdalen . Han var ein dugande organisator i fylket og hadde posisjonar både i Molde og omegn Socialdemokratiske Forening frå 1908 og Romsdal Socialdemokratiske Forening.

Olav Oksvik kom snart inn i kommunepolitikken, frå 1919 i Bolsøy kommune – og vart vald til Stortinget frå 1927 til 1953. Han var odelstingspresident i to periodar, 1945–47 og 1949–53.

Ein sentral politikar

I åra kring 1920 sleit arbeidarrørsla med harde konfliktar om internasjonale og nasjonale spørsmål. Partiet klovna frå 1921, og den sosialdemokratiske retninga braut ut. Oksvik var partisekretær for Det sosialdemokratiske partiet frå 1921 og fram til 1927. Etter kvart vart motsetningane mindre, og Oksvik var aktivt med på samlinga mellom dei to partia frå 1927. Oksvik var ein ihuga talsmann for samlinga, og etter kvart vart han ein sentral politikar i arbeidarrørsla.

Medan han var stortingsrepresentant, var han ei tid leiar for Stortingets landbrukskomité. Han var kjend som ein sterk og praktisk leiar, med innverknad på spørsmål som særleg galdt landbruk, distriktsinteresser og fiske. Oksvik hadde sterke band til Mørebygdene som han kom frå – og då spørsmålet om fylkesmann vart aktualisert, var det «Mørejarlen» som tok over frå 1952. Kommunikasjonsspørsmål var ei svært viktig sak for Oksvik, og han var aktivt med på Aura-utbygginga, med energi frå både bygdene og fossane.

Då den kalde krigen hardna til i åra etter 1945, var mange stortingsrepresentantar og partifellar tvilande eller kritiske til spørsmålet om «Atlanterhavspakta». Kunne eit nordisk forsvarsforbund tryggje framtida for dei nordiske landa? Eller skulle Noreg gå inn i ein breiare allianse – saman med USA? På landsmøtet til Arbeidarpartiet i 1949 kvesste dette spørsmålet seg til, og eit fleirtal gav støtte til NATO-alliansen. Olav Oksvik talte imot alliansen. Han kom i mindretal. Om lag 30 representantar følgde Oksvik, medan partileiinga hadde eit solid fleirtal. Oksvik tapte – og gav støtte til fleirtalet etterpå.

Han var ein populær politikar, og han hadde faste hender om praktisk politikk både i rikspolitikken og i arbeidet for lokale interesser. Han var vel kjend for djerve initiativ for lokale interesser – og det var ikkje uvanleg at fleire med tida kalla han «Mørejarlen»!

Kjelder

Trond Bergh: Arbeiderbevegelsens historie i Norge, bd. 5: Storhetstid. Oslo 1987

Gerhard Kjølås: Olav Oksvik. Mannen og politikaren. Trondheim 1969

Trond Nordby (red.): Storting og regjering 1945–1985, bd. 1: Biografier. Oslo 1985

Ingunn Norderval: Olav Oksvik. Medmenneske og politiker. Oslo 1989

Først publisert: 28.04.2010
Sist oppdatert: 08.08.2017