Hopp til innhold
Foto: Stortinget
Foto: Stortinget
X
Innhald

Torfinn Opheim

Torfinn Opheim, dagleg leiar, tidlegare ordførar i Sauda og stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Rogaland 2005—13.

Torfinn Opheim er fødd 12. april 1961 i Sauda i Rogaland. Han gjekk på Sauda vidaregåande skule i 1977–80, Fana Folkehøgskule i 1980–81, tok fagbrev i prosessfag i 1989 og studerte ved Høgskolen Stord/Haugesund i 1992–93. Opheim var butikkmedarbeidar ved Domus i Førde i 1982–83, prosessoperatør ved Elkem Sauda i 1983–94 og dagleg leiar ved attføringsbedrifta Sauda Produkter A/S i 1994–99. Han var ordførar i Sauda kommune i 1999–2005, og for perioden 2005–13 var han vald som stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Rogaland. Frå 2013 er han leiar av Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar (LVK).
Opheim var kommunestyremedlem for Arbeidarpartiet i Sauda i 1987–99 og ordførar i 1999–2005. Han har vore medlem av styret for Sauda Arbeidarparti og medlem av styret for Rogaland Arbeidarparti i ei årrekkje. I 2001–05 var han vararepresentant til Stortinget, og han fekk fast plass frå 2005. Først sat han i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, så i finanskomiteen. Politisk er Opheim oppteken av utviklinga av velferdsstaten, arbeid til alle og distriktspolitikk.
Av offentlege verv har han mellom anna vore leiar av sosialutvalet og barnevernsnemnda i Sauda i 1987–91, medlem av Haugalandrådet i 1999–2005 og styret for Ryfylkesambandet A/S i 2000–05.
Kjelder
Torfinn Opheim, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=TO [lesedato 21.11.2012]
Peikarar

Først publisert: 05.06.2013
Sist oppdatert: 02.02.2015