Hopp til innhold
X
Innhald

Berit Pynte

Berit Tørrisdatter Skjefte Pynte var ein landskjend langeleikspelar i samtida. Ho reiste Noreg rundt med musikken og dokkespelet sitt, og ho er ein viktig tradisjonsformidlar av norsk folkemusikk.

Berit Pynte var fødd i Vestre Slidre 11. desember 1812 og døydde i Vang 18. desember 1899. Saman med mannen, Andris Andrissen Skjefte, gjorde ho husmannsplassen deira, Pynten i Vestre Sildre, til ein stoppestad for skysskarar og ein turistattraksjon for norsk og utanlandsk borgarskap. Pynte tente gode pengar på å underhalde med langeleiken sin, og om ho ikkje hadde levande dans, hadde ho tredokker som gjorde same nytta. Utanfor sesongen drog Pynte til hovudstaden, Bergen eller Sogn for å spele.
Pynte framførte eit tradisjonelt langeleikrepertoar frå øvre Valdres og var kjend som ein uvanleg dugande utøvar. Ho var inspirasjonskjelde for Edvard Grieg, og folketonesamlar Ludvig M. Lindeman skreiv ned seksten av slåttane hennar i 1865. Tre av langeleikane til Pynte finst på Ringve museum i Trondheim.
Kjelder
Elisabeth Kværne, Valdres Museum, e-post 6.10.2011
Rolf Myklebust: Femti år med norsk folkemusikk. Oslo 1982
Magne Myhren, Andreas Bjørkum og Bjørn Aasland: Folkemusikk og folkemusikkutøvarar i Noreg. Oslo 1996
Anne Margrethe Helgesen: Animasjonen – figurteatrets velsignelse og forbannelse. Norsk figurteaterhistorie. Oslo 2003
Peikarar
Vekas kulturminne på nettstaden til Valdres Natur- og Kulturpark

Først publisert: 09.11.2011
Sist oppdatert: 11.12.2019